Hopp til innhold
Sunnmøre tingrett
Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Fisketjuverisaka på Sunnmøre

Oppsummert

Tre menn frå Sunnmøre er tiltalt for heleri og vidaresal av fisk frå Scanprod AS til ein samla verdi av nesten 12 millionar kroner. Alle dei tre nekta straffskuld for kjøp og sal av ulovleg fisk.

  • Høyesterett avviser anken

    Høyesterett avviser anken i fiskehelerisaken på Sunnmøre. Tre menn ble i lagmannsretten dømt for grovt tyveri og heleri av fisk fra Scanprod på Valderøya i Giske i perioden 2011 til 2015. Alle tre anket saken, men kun to av dem anket over skyldspørsmålet. De to ankene over skyldspørsmålet er nå avvist av Høyesterett.

    Norges lover tingrett
    Foto: Philip Hofgaard / NRK
  • Dømde til fengsel

    Dei tre mennene som var tiltalte for tjuveri og heleri av fisk frå Scanprod AS til ein samla verdi av nesten 12 millionar kroner blei dømde til fengsel for heleri, men frifunne for tjuveri av fisk. Den tre blei dømt til fem år og seks månader, 3 år og eitt år og seks månader. Dei tre mennene blei også dømde til å felles betale eit erstatningskrav på 600.000 til Scanprod.

  • Krev frifinning av tjuveritiltalt

    Axel Lange, forsvararen til den tidlegare Scanprod-tilsette som er tiltalt for tjuveri frå bedrifta han jobba i, meiner at hans klient må frifinnast for tiltalepunkta mot han, og at han bør frikjennast for erstatnings- og inndragingskravet mot han.

  • Meiner straffa er for streng

    Bertil Rønnestad forsvarer mannen i Aalesund Seafood, som er tiltalt for å ha mottatt det aktor hevdar er stolen fisk frå Scanprod AS. I sin prosedyre meinte Rønnestad at hans klient burde frifinnast på alle tiltalepunkta mot han. Han meinte også at dommen på fire år, som aktor har bedd om, er for streng.

  • Ber om frikjenning

    Anders Svinø, forsvararen til den hovudtiltalte i fisketjuverisaka, meiner at hans klient bør frifinnast for tiltalepunkta mot han som gjeld heleri og brot på matlova, og at han bør frikjennast frå å betale erstatningskrav i saka. Han ber også om at hans klient blir behandla på mildast måte på dei andre tiltalepunkta.

    Anders Svinø
    Foto: Silje Bjerknes / NRK