Hopp til innhold

Frikjent for fisketjuveri, men må i fengsel for heleri

Tre menn som var tiltalt for tjuveri og heleri av fisk verd nesten 12 millionar kroner er dømde til fengsel for heleri, men blei frikjent for tjuveri av fisk.

Sunnmøre tingrett

Dei tre mennene blei frikjent for tjuveri av fisk frå Scanprod, men blei likevel dømde til fengsel for mellom anna skatteundraging og heleri.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Dei tre møtte i retten, tiltalt for mellom anna tjuveri av fisk frå bedrifta Scanprod i perioden desember 2011 til mars 2015, heleri og for å ikkje ha betalt skatt og moms. Dei er no dømde til fengsel for det siste, men frifunne for tjuveri av fisk frå Scanprod. Dei tre får ei fengselsstraff på fem og eit halvt år, tre år og eitt og eit halvt år.

Retten har nemleg ikkje funne det bevist at dei tre har stole fisken frå Scanprod. Dei må likevel betale erstatning, fordi beviskrava for dette er lågare enn i ei straffesak.

Retten finn det sannsynleg at fisken som blei selt i 2015 stamma frå Scanprod, og dei tre må dermed i fellesskap betale 600.000 kroner til Scanprod. Bedrifta hadde i utgangspunktet kravd 9,7 millionar kroner i erstatning for perioden desember 2011 til mars 2015, men dette kravet blei altså avvist, og dei fekk berre erstatning for dei tre månadene i 2015.

Dei tre må også betale 6.000 kroner kvar i sakskostnader.

– Letta og fornøgd

I dommen frå Sunnmøre tingrett er den hovudtiltalte mannen er dømt til fengsel i fem år og seks månader. Han er også dømt til å betale tilbake 4,8 millionar kroner.

Anders Svinø

Anders Svinø er advokaten til den heleritiltalte mannen.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Anders Svinø, advokaten til den heleridømde mannen, seier klienten hans er fornøgd og letta over at retten samrøystes har konkludert med at dei ikkje er skuldige i å ha stole fisken frå Scanprod.

– Dessutan har han vedgått å ha kjøpt og selt 386 tonn fisk «svart», men han har trudd at dette var lovleg vare frå Nord-Noreg. Han har vedgått moms- og skattesvik, samt brot på rekneskapslovgjevinga. Dette vil han ta straffa si for.

Dei vil no vurderer dommen frå tingretten i detalj, før dei tek stilling til om den blir anka.

– Vi vurderer straffa som streng, og det aukar sjansen for ei anke. Straffa er i samsvar med aktors påstand, men bygger på at fisken er stole frå Scanprod. Dette punktet har retten avvist under vurderinga av skuldsspørsmålet, og vi meiner difor at det skulle ha vore reflektert under straffeutmålinga, seier Svinø.

Vil anke dommen

Den andre mannen, som var tiltalt for mellom anna å ha kjøpt ulovleg, fekk 3 års fengsel. Det er eitt år mindre enn påstanden frå aktor.

Bertil Hast Rønnestad

Advokat Bertil Rønnestad seier hans klient vil anke saka.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Bertil Rønnestad er forsvarer mannen som jobba i Aalesund Seafood. Han var tiltalt for å ha kjøpt stolen fisk, men blei frifunne på dette punktet. Han blei derimot dømt for å ikkje ha betalt meirverdiavgift eller for å ha fått feilaktig betalt tilbake denne avgifta.

– Eg har diskutert dommen med min klient og han er fornøgd i forhold til dei punkta som han er frifunnen for, men han meiner at det han er dømt for er uriktig og han ønskjer at den skal ankast til lagmannsretten, seier han.

Skal vurdere anke

Den tredje mannen, ein tidlegare Scanprod-tilsett, blei dømt til fengsel i eitt år og seks månader. Under rettssaka la aktor Toril Dale ned eit krav om 3 års fengsel for mannen, men retten har derimot valt å gi han halve fengselsstraffa.

Axel Lange

Advokat Axel Lange seier at dei no vil vurdere å anke delar av dommen.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Han er også dømt til å betale tilbake 1,3 millionar kroner. Han blei frifunnen for tiltalepunkta mot han som gjaldt tjuveri av fisk frå sin tidlegare arbeidsgivar, men dømt for heleri.

– Både eg og klienten min er svært fornøgd og einig med retten i at han ikkje skal dømmast for grovt tjuveri. Vi er derimot ikkje einig i resten av dommen og vil no vurdere ei eventuell anke, seier Axel Lange som er forsvararen til mannen.

Fornøgd med delar av dommen

Bistandsadvokat Toril Dale frå advokatfirmaet Steenstrup Stordrange DA, representerte Scan-Mar AS, som eig Scanprod, under rettssaka. Ho seier at hennar klient er tilfreds med at dei har fått medhald for delar av erstatningskravet.

– Vi er også fornøgd med at retten deler min klients syn på at anlegget og produksjonen var så stor at ein med ein utru tener kunne hente ut fiske frå anlegget utan å bli oppdaga, og at det ville vere vanskeleg å oppdage svinnet, seier ho.

Dale seier vidare at dei så langt ikkje har tatt stilling til om dei vi anke dommen knytt til erstatningskravet.

Alle partane har no to veker på å bestemme om dei vil anke.

Alt om rettssaka kan du lese her: