Hopp til innhold

Fem år i fengsel for fiskeheleri

Tre menn frå Sunnmøre er i Frostating lagmannsrett dømt for heleri av fisk til 12 millionar kroner. Alle tre fekk mildare straffer enn i tingretten og redusert erstatning. Hovudmannen får fem års fengsel.

Ålesund tinghus
Foto: Terje Reite / NRK

Dei tre sunnmørsmennene vart i Sunnmøre tingrett dømde for heleri, men anka saka. Frostating lagmannsrett har gitt redusert straff til mennene. Hovudtiltalte fekk seks månader kortare straff og må sone fem år. Dei to andre fekk også redusert tida med seks månader. Den eine fekk straff på 2 år og seks månader, den andre eitt år. Dei tre må betale 141 825 kroner i erstatning til fiskebedrifta Scan Mar. Dette er vesentleg mindre enn kravet frå fornærma på 9 millionar kroner.

Kontakt oppgjer

Det var Skatteetaten som først starta etterforsking av saka. Frå 2011–2015 forsvann det store mengder fisk frå Scanprod på Valderøya i Giske. Lagmannsretten finn det bevist at hovudtiltalte, som dreiv eit enkeltmannsføretak der han kjøpte og selte fisk, visste at fisken han handla med, var utbytte av ei straffbar handling.

I løpet av ein femårsperiode tok imot han til saman 386 tonn med fisk til ein samla verdi av over 11 millionar kroner, som han selde vidare til Aalesund Seafood.

Fisken var ikkje merka og vart levert frå utanlandske vogntog med ulike sjåførar kvar gong. Oppgjeret vart gjort kontant. Tiltalte forklarte i retten at fisken kom frå Nord-Norge.

Då Skatteetaten starta bokettersyn i selskapet, fann politiet fleire pallar med fisk som vart beslaglagt. Lagmannsretten meiner at berre fem av pallane med saltfisk var ulovleg tatt frå Scanprod.

Tiltalte sin advokat, Anders Svinø, seier at hans klient er skuffa og sterkt usamd i rettens vurdering om at eit fåtal pallar truleg stammar frå Scanprod. Han er samstundes nøgd med at erstatningskravet vart redusert.

Tok imot fisken

Ein annan mann vart dømt til to år og seks månader i fengsel, fordi han kjøpte fisk frå hovudtiltalte. Lagmannsretten finn det bevist utover rimeleg tvil at mannen visste at fisken var utbytte av straffbar handling. Retten finn det ikkje bevist at han visste at fisken var tatt frå Scanprod. Mannen vart også dømt for å ha gitt feil opplysningar i omsetningsoppgåva. Retten meiner at han burde ha sett det som sikkert at hovudtiltalte ikkje betalte inn meirverdiavgift til styresmaktene. Fordi han førte inn feil, fekk hovudtiltalte urettmessig betalt tilbake avgifter på 1,4 millionar kroner. Retten meiner det er skjerpande at heleriverksemda føregjekk i meir enn 4 år og at det var snakk om 110 leveransar av fisk med stor verdi.

Vurderer anke til Høgsterett

Mannens advokat, Jan Erik Teigum, seier at dommen er skuffande, sjølv om både straffa og erstatningskravet er redusert.

– Min klient har heile tida hevda at han ikkje er ansvarleg i saka og er skuffa over resultatet. Vi skal lese dommen nøye og kjem til å vurdere ein anke, seier Teigum. Han legg til at det vanskelege med saka er at det er tydleg at fisken var mangelfull merka og at spørsmålet er om dette tilseier at det betyr at fisken er utbyte av ei straffbar handling.

Den tredje mannen er dømt til fengsel i 1 år. Retten meiner at han har stole eller medverka til tjuveri og fått pengar frå hovudtiltalte.

Mannens advokat Axel Lange, seier at dei er nøgd med at straffa er redusert.

– Det er gledeleg at både straffa, inndraginga og erstatning er betydeleg redusert, seier Lange til NRK.

Scanprod er ikkje nøgd med dommen. Dei kravde erstatning på over ni millionar, men vart tilkjent 141 825 kroner.

– Mine klientar er skuffa over at det var så stor forskjel på tapet dei meiner dei har lidt og utfallet, seier bistandadvokat, Maria Kvalen.