Hopp til innhold

Aktor ber om strengare straffer i helerisaka på Sunnmøre

Aktor ba torsdag føremiddag om strengare fengselsstraffer for to av dei tre tiltalte i den store helerisaka på Sunnmøre.

Ålesund tinghus

Frostating lagmannsrett har vore samla sidan sist onsdag for å behandle den store helerisaka på Sunnmøre.

Foto: Terje Reite / NRK

Torsdag føremiddag var det klart at aktor ber om at fengselsstraffene blir utvida for to av dei tre tiltalte.

Han som i tingretten blei dømt til fengsel i tre år, er det no lagt ned påstand om fire år.

For han som blei dømt til fengsel i 1 1/2 er påstanden frå aktor det dobbelte - altså tre år.

For hovudmannen er påstanden den same som sist, 5 1/2 år.

Advokaten som representerer Scanprod, Maria Elna Kvalen, ba om at dei tre blir dømde til solidarisk å betale 9,7 millionar kroner, for det tapet som bedrifta har hatt.

Torsdag ettermiddag ba forsvarane om full frifinning for alle dei tre.

Skal ha vidareselt fisk for 11 millionar

Retten behandlar igjen påstandane om at tre sunnmørsmenn skal ha vidareselt ulovleg fisk for ein verdi av over 11 millionar kroner.

Saka starta med at det forsvann store mengder fisk frå ei fiskeforedlingsbedrift i Giske.

Dei tre blei dømde i Sunnmøre tingrett hausten 2016, no behandlar Frostating anken.

Torsdag føremiddag var det klart at aktor på nytt ber om fem år og seks månader i fengsel for den hovudtiltalte.

I tillegg meiner aktor at han må betale tilbake over seks millionar kroner, for å ha vore med på heleri av fisk for 11, 6 millionar kroner.

Ikkje medhald i tjuveri

Hilde Haugen

Aktor Hilde Haugen ber på nytt om fengsel i 5 1/2 år for hovudmannen. I tillegg meiner ho han skal betale tilbake seks millionar kroner.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

I tingretten fekk ikkje aktor medhald i påstanden om tjuveri av store mengder fisk,og torsdag føremiddag ba aktor om dom i forhold til grovt heleri. I tillegg kjem postane om moms- og skatteunndraging på vel seks millionar kroner, manglande bokføring og brot på matlova.

Axel Lange, som representerer han som blei dømd til 1 1/2 års fengsel seier til NRK at han er trygg på at klienten hans blir frikjend for grovt tjuveri også i lagmannsretten.

Påstandar i retten torsdag

Torsdag la partane ned påstandar i saka, etter å ha sitte i retten sidan førre onsdag.

Dei to andre mennene blei i oktober dømde til tre år og halvanna års fengsel. I føremiddag har aktor lagt ned påstand om fengsel i fire år og tre år, og at dei må betale tilbake 3,4 millionar og 1,3 millionar kroner.