Hopp til innhold

Meiner etterforskinga har vore mangelfull

SUNNMØRE TINGRETT (NRK): Forsvararane til dei tiltalte i fisketjuverisaka på Sunnmøre krev frifinning på alle tiltalepunkta mot sine klientar.

Axel Lange og Bertil Hast Rønnestad

Forsvararane til dei tiltalte i fisketjuverisaka på Sunnmøre meiner etterforskinga har vore einspora.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Advokaten til den hovudtiltalte i fisketjuverisaka på Sunnmøre meiner påtalemyndigheita ikkje kan bevise at klienten hans har stole eller medverka til tjuveri av fisk frå Scanprod i perioden 2010- 2015.

– Dersom han skal ha stole 386 tonn fisk frå Scanprod, betyr det at han må ha vore på anlegget 148 gongar for å hente fisk. Likevel er det ingen som har observert min klient eller bilen han køyrde ved anlegget i løpet av denne perioden, sa forsvarer Anders Svinø då han starta prosedyren sin i Sunnmøre tingrett onsdag ettermiddag.

Han meiner den hovudtiltalte bør frifinnast for tiltalepunkta som gjeld heleri og brot på matlova, og frå å betale erstatningskrav i saka. Han ber også om at hans klient blir behandla på mildast måte for tiltalepunkta knytt til unndraging av skatt og moms, som mannen har erkjent straffskuld for.

Stor oppdagingsrisiko

Han vektla vidare at det både var alarm og port ved Scanprod, og at anlegget ligg i eit industriområdet som er lett synleg. I tillegg skal det ha budd mellom 6–8 tilsette i brakker ved anlegget, og heller ikkje desse skal ha sett noko.

Anders Svinø

Anders Svinø er forsvararen til den hovudtiltalte i fisketjuverisaka.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Dei fleste av leveransane til Aalesund Seafood blei gjort på dagtid mellom klokka 06.30 og 18.00. Det betyr ein ekstrem oppdagingsrisiko dersom min klient hadde vore ved Scanprod innanfor denne tidsramma, sa Svinø.

Forsvararen meinte også at etterforskinga i saka har vore einspora og at hans klients forklaringar om at fisken kom frå ein leverandør i nord, ikkje hadde blitt undersøkt eller følgt opp av politiet.

– Mangelfull etterforsking

Bertil Rønnestad forsvarer mannen i Aalesund Seafood som er tiltalt for å ha kjøpt stolen fisk. I sin prosedyre la også Rønnestad vekt på det han meinte var ei mangelfull etterforsking frå politiet si side.

Bertil Hast Rønnestad

Forsvarar Bertil Rønnestad meiner etterforskinga har vore mangelfull.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Han meinte mellom anna at politiet ikkje har gjort sjølvstendige etterforskingar, men derimot lagt for stor vekt på påstandar frå den fornærma i saka, nemleg Scanprod. Han vektla blant anna at det ikkje blei gjort kriminaltekniske undersøkingar av fisken som blei funne ved Brødrene Aarseth, som er eigd av Aalesund Seafood.

– Det er ikkje slik etterforskinga i ei alvorleg straffesak skal vere, sa Rønnestad.

Han meinte også at det ikkje hadde blitt fremja dokumentasjon som kan bevise at hans klient burde ha visst at fisken han kjøpte var stolen. Rønnestad krev frifinning på alle tiltalepunkta mot hans klient, og meiner han også bør frifinnast frå inndragings- og erstatningskravet som er fremja mot han.

– Reknestykket stemmer ikkje

Også Axel Lange, forsvararen til den tidlegare Scanprod-tilsette, la fram eit krav om frifinning på alle tiltalepunkt, også for erstatnings- og inndragingskravet.

Axel Lange

Axel Lange er forsvarer til den tidlegare Scanprod-tilsette mannen som er tiltalt for tjuveri av 220 tonn fisk.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Lange meiner at påtalemyndigheita ikkje kan bevise at hans klient har stole eller lagt til rette for tjuveri av 220 tonn fisk frå Scanprod. Han vektla blant anna at dei bevisa som påtalemyndigheita hadde funne ved Brødrene Aarseth, ikkje var uvanlege nok til å kunne bevise at denne fisken stamma frå Scanprod.

– Dette gjeld både kva type fisk det var snakk om og korleis den var behandla og pakka, sa han.

Heller ikkje dei svarte plastpallane som skal ha blitt observert ved anlegget er bevis nok for at fisken stamma frå Scanprod, meinte Lange.

– Dersom det skulle ha forsvunne ein palle ved kvar leveranse, ville Scanprod ha gått i minus på pallar. Det heng rett og slett ikkje på greip.

Påtalemyndigheita har også vektlagt dei omfattande pengeoverføringane som har skjedd frå den hovudtiltalte til den tidlegare Scanprod-tilsette, og at desse overføringane skal ha skjedd i same tidsrom som mange, men ikkje alle av fiskeleveransane til Aalesund Seafood. Både den hovudtiltalte og den tidlegare Scanprod-tilsette har tidlegare forklart at pengeoverføringane mellom dei to var til tipping. Lange meinte at det heller ikkje her var det nok bevis som kunne knytte desse overføringane til kjøp av stolen fisk.

– Reknestykket stemmer rett og slett ikkje. Det er mellom anna fleire overføringar enn leveransar. I tillegg viser dokumentasjon at mykje av desse pengane gjekk til tipping, sa Lange.

Dommen i saka kjem 12. oktober. Les alt om saka her.