Hopp til innhold

Får refs for å ha brukt ulovleg tvang mot demente

Aukra kommune får refs for å ha brukt ulovleg tvang mot demente og andre sjukeheimspasientar. Fylkesmannen ser alvorleg på saka.

Kommunehuset i Aukra

Aukra kommune må no svare Fylkesmannen på kva dei vil gjere for å unngå å bruke ulovleg makt og tvang overfor sjukeheimspasientane sine i framtida.

Foto: Are Haukaas

Det var eit tilsyn ved Aukraheimen i april som førte til at Fylkesmannen i Møre og Romsdal slo alarm. For her kom det fram at pasientar på Aukraheimen blir utsette for ulovleg makt og tvang.

I rapporten frå Fylkesmannen blir det mellom anna vist til at det blir brukt roande medikament for å unngå motstand frå ein pasient som ikkje vil bli stelt. Ein annan skal med makt ha fått ein stikkpille.

Marit Vestad

Jurist Marit Vestad hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal ser alvorleg på saka i Aukra.

Foto: Jan Arne Janssen

– Det at ein brukar medisin for å kome i posisjon til å gjere noko som pasienten kanskje ikkje ønskjer, ser vi alvorleg på, seier jurist Marit Vestad hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Les også:

– Dei tilsette manglar kunnskap

Fylkesmannen slår fast at Aukra kommune har brote lova på to punkt: dei tilsette manglar kunnskap om lovverket og har ikkje rutinar for dokumentasjon og framgangsmåte dersom dei må bruke tvang.

Rapporten etter tilsynsbesøket peikar på fleire alvorlege forhold:

  • i enkelte høve vert pasientar haldne tilbake ved låst ytterdør utan at dette er vurdert opp mot reglane i pasrl. kapittel 4A
  • det hender det vert nytta alarm for å hindre at pasientar går ut når dei sjølve ønskjer det
  • pasientar i enkelte høve vert kledd på/av mot sin vilje
  • det hender det vert nytta medisin for å unngå motstand
  • i enkelte høve vert det nytta sengehest med formål å halde pasienten tilbake i senga
  • stell/tannhygiene/dusj vert i enkelte høve nytta sjølv om pasienten motset seg
  • stikkpille til pasient vert gitt sjølv om pasienten motset seg

Først når det er fare for alvorleg helseskade kan personalet gje helsehjelp til ein person som ikkje vil. Før det må dei vurdere andre metodar enn maktbruk, det må fattast eige vedtak og alt skal nøye dokumenterast og rapporterast. Det finst ikkje faste rutinar på dette hos Aukra kommune.

Beklagar det som har skjedd

Ingrid H. Rimstad

Rådmann Ingrid H. Rimstad i Aukra seier dei er i gang med omfattande kursing for å unngå at dei igjen brukar ulovleg makt og tvang overfor sjukeheimspasientar.

Foto: Jan Inge W. Tangen

Rådmann Ingrid Husøy Rimstad seier til NRK Møre og Romsdal at lovbrota ikkje skulle skjedd.

– Eg syns dei er veldig alvorleg, og dette er vår plikt å gjere noko med.

– Korleis kunne det skje?

– Det er svært vanskeleg å svare konkret på kva som skjedde, det kan vere ein svikt i rutinane våre, det kan gå på kommunikasjon, seier ho og legg til at dei no arbeider intensivt med opplæring.

Oppmodar pårørande om å varsle

Marit Vestad hos Fylkesmannen er sikker på at det er store mørketal på ulovleg bruk av makt og tvang på institusjonar også i Møre og Romsdal.

Berre i fjor avdekte Statens helsetilsyn lovbrot hos dei fleste kontrollerte kommunar i Noreg. Vestad ber pårørande som mistenkjer lovbrot om å melde frå.

– I første omgang oppmodar vi pårørande om å ta kontakt direkte kontakt med kommunen. Dei må gjerne ringe til oss hos fylkesmannen for rettleiing i forkant, seier ho.

Les også: