Hopp til innhold

Risikerer å miste legetittelen for andre gang

For 20 år sidan miste han autorisasjonen etter å ha krenka tre pasientar seksuelt. No har ei ny sak dukka opp.

Utdrag frå eit brev frå Statsforvaltaren til Helsetilsynet. I utdraget står det: «Etter første konsultasjon sendte legen sms til kvinnen for å be om tips til turer i området og inviterte deretter kvinnen med på tur. Kvinnen takket ja til dette og opplevde på turen at legen kom med grove vitser. Legen spurte på slutten av turen om han kunne bli med kvinnen hjem»

IKKJE ENIG: Legen i Midt-Noreg er ikkje enig i at han har gjort noko gale etter å ha invitert ein pasient med på tur. Han seier han ønskte å hjelpe henne.

Grafikk: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Legen miste autorisasjonen i 2005 etter å ha kyssa og klådd på tre kvinnelege pasientar. Ei av dei flytta også heim til han, før han blei fråteken autorisasjonen.

Så gjekk det nesten 20 år.

Før jul slo ei ny kvinne alarm etter å ha oppsøkt legen. Då hadde han fått igjen autorisasjonen og blitt vikarlege i Møre og Romsdal. Kort tid etter legebesøket skal ho ha fått ei tekstmelding der den nytilsette vikarlegen spurte om turforslag i området, og bad henne bli med.

Det handla for meg om bruk av andre, sosialterapeutiske verktøy i eit forsøk på å rehabilitere ein ødelagt relasjon mellom pasient og helsevesen

Legen i Midt-Noreg til NRK

Ho takka ja til invitasjonen. På turen skal legen ha fortalt fleire grove vitsar, og spurt om å få bli med henne heim.

– Vi har ikkje funne grunn til å tvile på det som er journalført om legen sine møte med kvinna og hennar oppleving av det, seier fylkeslege Karin Müller Mikaelsen.

No blir han granska av Helsetilsynet for å ha blanda saman rollene som lege og privatperson. Nyleg fekk han varsel om at han risikerer å miste autorisasjonen heilt eller delvis endå ein gong.

Fylkeslege Karin Müller Mikaelsen

Fylkeslege Karin Müller Mikaelsen i Møre og Romsdal meiner det pasienten fortel er truverdig.

Foto: Sissel Beate Brunstad / NRK

– Har gått gjennom ein lang og djup prosess

Vikarlegen i Midt-Noreg kjenner seg ikkje igjen i framstillinga til pasienten i Møre og Romsdal, og meiner han forsøkte å hjelpe henne. Helsetilsynet vurderer saka annleis og legg mellom anna vekt på at han tidlegare har mist autorisasjonen. Legen vedgår å ha invitert pasienten med på tur, men hevdar det var ho som tok initiativ til å fortelje grovkorna vitsar.

Han meiner det var rett at han fekk tilbake autorisasjonen i 2011 og dermed kunne fortsette å ta imot pasientar.

– Eg var gjennom ein lang og djup prosess, så, ja, det meiner eg.

Denne gongen er han skulda for å ha blanda rollene som lege og privatperson.

– Eg er usamd i at det var ei samanblanding av roller. Det handla for meg om bruk av andre, sosialterapeutiske verktøy i eit forsøk på å rehabilitere ein øydelagt relasjon mellom pasient og helsevesen, skriv han til NRK i ein e-post.

Flytta heim til legen og sov naken i senga hans

Dei siste 20 åra har Helsetilsynet granska ei rekkje norske legar for det dei kallar seksuell grenseoverskridande åtferd mot pasientar. Det enda med at 65 av dei miste autorisasjonen eller frivillig gav han frå seg. Det kjem fram i ei fersk kartlegging NRK har gjort.

Men kartlegginga viser også at etter ei tid fekk over ein tredel av legane tilbake autorisasjonen.

Vikarlegen frå Midt-Noreg er ein av dei. Det gjekk mindre enn fire år før han kunne ta på legefrakken igjen.

Då han miste autorisasjonen første gang fortalde fire ulike pasientar om at han kyste og klemte dei. Ei skal ha flytta heim til han og sove naken i senga hans. Ei anna forklarte at han låste kontordøra under ein konsultasjon, tok henne på brysta og spurte om å få beføle henne på underlivet.

Assisterande direktør i Statens helsetilsyn, Heidi Merete Rudi seier dei mellom anna la vekt på at legen tok imot behandling då han fekk tilbake autorisasjonen.

– Det blei lagt vekt på tida som var gått, at legen framleis gjekk i behandling og at det ikkje var nye forhold registrert i dei to åra han hadde arbeidd med avgrensa autorisasjon, skriv Rudi i ein e-post til NRK.

Ho skriv også at Helsetilsynet på generelt grunnlag ser svært alvorleg på saker der det kjem nye skuldingar mot helsepersonell, som tidlegare har fått ein administrativ reaksjon.

Assisterende direktør i Helsetilsynet Heidi Merete Rudi

Assisterande direktør i Helsetilsynet, Heidi Merete Rudi, seier dei har endra praksis og no melder fleire legar til politiet.

Foto: Morten Waagø / NRK

Meiner det kan vere for enkelt å få tilbake autorisasjonen

Jannicke Bruvik er nasjonalt pasient- og brukarombod. Ho er overraska over at 24 av 65 legar fekk tilbake autorisasjonen etter å ha gjort seg skuldige i seksuelt grenseoverskridande handlingar mot pasientar.

– Ja, det verkar som det er for enkelt, dessverre. Det er ingen av desse som har gjort overgrep som kan fortelje at dei ikkje visste at dette var feil, seier ho.

Ho undrar seg over kor mange gonger det skal vere mogleg å misse autorisasjonen og seier det er svært vanskeleg å sikre seg mot overgrep dersom helsepersonell ønskjer å bryte grensene.

– Ein er heilt avhengig av at legane veit korleis ein skal oppføre seg, seier ho.

Avviser at det er for enkelt

Helsetilsynet avviser på generelt grunnlag at det er for enkelt å få tilbake autorisasjonen etter seksuelle grenseoverskridingar. I ein epost til NRK skriv dei at det er fleire utfordringar med saksbehandlinga som dei arbeider aktivt med å forbetre.

– I mange av sakene er det aldri aktuelt å innvilge ein ny autorisasjon. Men det tidlegare helsepesonellet står etter lova fritt til å søkje om ny autorisasjon når som helst, skriv assisterande direktør Heidi Merete Rudi Rudi i Helsetilsynet.

Jannicke Bruvik

Jannicke Bruvik er nasjonalt pasient- og brukarombod. Ho meiner det er svært vanskeleg å sikre seg mot overgrep dersom helsepersonell ønskjer å bryte grensene.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

« Ei traumatiserande oppleving»

Legen skriv til NRK at han ikkje lenger er i arbeid, og at siste vikariat var i fjor.

På spørsmål om kva han tenkjer om at han kan miste autorisasjonen for andre gang, svarar vikarlegen slik:

– Generelt er det ei traumatiserande oppleving å miste autorisasjonen, det trur eg alle legar opplever, skriv han til NRK.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL