Hopp til innhold

Fann over 60 nøkkelkort på rommet til svindlar

Mannen i 30-åra skal ha svindla overnattingsstadar i heile Norge. Ein snartenkt hotelldirektør ante ugler i mosen og avslørte storsvindlaren.

Beslagbilde fra Politiet i forbindelse med hotellsvindel på Hareid

Då politiet gjennomførte ei ransaking av hotellrommet til mannen fann dei ein rekke nøkkelkort frå ulike hotell og overnattingsstadar over heile landet.

Foto: Politiet Hareid

Nyleg sjekka ein mann i 30-åra frå Nord-Norge inn på Melshorn Hotell på Hareid på Sunnmøre.

– Han var hyggeleg og veltalande. Ingenting tyda på at han var ein svindlar, fortel hotelldirektør Linda Haddal Røssevoll.

Aukande mistanke

Men hotelldirektøren blei raskt mistenksam. Nordlendingen ville ikkje gi frå seg betalingskort ved innsjekk, men skulle betale når han sjekka ut. Han skal også ha oppheldt seg på rommet på dagtid, sjølv om han hadde sagt han var der for å jobbe. Haddal Røssevoll reagerte også på at mannen sa han skulle vere igjen nokre ekstra dagar for å fiske kveite.

Linda Haddal Røssevoll, hotelldirektør ved Melshorn Hotell.

Hotelldirektør Linda Haddal Røssevoll ved Melshorn hotell på Sunnmøre blei mistenksam på ein gjest som sjekka inn. Lite visste ho at ho var i ferd med å avdekke ein storsvindlar.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Det er ikkje heilt sesong for det enno.

Likevel følte ho ikkje at mistankane hennar var store nok til å gjere noko med dei. Så kom telefonen frå nærbutikken.

– Dei hadde hatt tjuveri og lurte på om den skuldige budde på hotellet. Mannen hadde oppgitt eit anna namn, men skildringa passa gjesten vår.

På overvakingsbilda såg ho raskt at det var same mann, og ringde politiet umiddelbart for å få hjelp til å krevje betaling.

Det var Vikebladet som først omtalte saka.

Ikkje første gong

På rommet til mannen fann politiet over seksti nøkkelkort til ulike overnattingsstadar. Svindlaren er kjent for å sjekke inn under ulike namn og stikke frå rekninga. Hans-Eirik Pettersen, lensmann i Ulstein og Hareid, fortel at mannen tidlegare er dømt for liknande lovbrot. Han skal også vere sikta for fleire tilfelle av svindel i heile landet.

Hans-Eirik Pettersen

Hans-Eirik Pettersen, lensmann i Ulstein og Hareid, fortel at mannen tidlegare er dømt for svindel.

Foto: Arne Flatin / NRK

Lensmannen rosar hotellsjefen for at ho melde frå, og oppfordrar andre til å gjere det same.

– Isolert sett kan eitt tilfelle virke som ein bagatell, men samla så er det alvorleg, seier Pettersen til NRK.

– Eg er kjempeglad for at eg stolte på magekjensla mi. Det viser seg at han har budd på mange hotell i Noreg og stukke frå rekninga, seier Haddal Røssevoll.

– Det er eit problem

– Kundar som ikkje betalar for seg er eit problem vi opplever. Eit anna problem er at politiet ofte ikkje prioriterer desse sakene, seier Magne Kristensen, ved jussavdelinga til NHO Reiseliv.

Magne Kristensen

NHO Reiseliv ønsker ei lovendring for å kunne straffe dei som ikkje betalar for seg.

Foto: Per Thrana / NHO

Han forklarar at det ikkje er straffbart å reise frå eit hotell eller ein restaurant utan å betale, så lenge du legg igjen namn og adresse.

Dei ønskjer at dette skal straffast som bedrageri dersom gjerningsmannen på førehand har bestemt seg for ikkje å betale, eller legg igjen falskt namn. NHO Reiseliv har difor sendt brev til Justis- og beredskapsdepartementet der de ber om ei lovendring.

– Ofte blir rekninga aldri betalt. I tillegg kan kundane gi frå seg falskt namn eller adresse.

Åtvarar andre

Mannen er no sleppt fri. Politiet i Møre og Romsdal har avslutta saka, og seier at det er opp til andre politidistrikt å avgjere om det blir tatt ut tiltale.

Linda Haddal Røssevoll, hotelldirektør ved Melshorn Hotell

Linda Haddal Røssevoll oppfordrar fleire til å melde svindlaren i 30-åra til politiet.

Foto: Arne Flatin / NRK

Haddal Røssevoll har no kontakta fleire hotell for å åtvare mot svindlaren.

– Etter ein halvtime blei eg kontakta av eit anna hotell. Der hadde mannen budd i ti dagar. Dagen før utsjekken hadde han hengt eit «ikkje forstyrr»-skilt på døra og forsvunne. Pengane våre får vi truleg aldri igjen, men eg håper vi kan greie å stoppe han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL