Hopp til innhold

Politiet åtvarar om falsk heimesjukepleie

Politiet åtvarar, etter at ei eldre kvinne i Aukra fekk ein falsk telefon i går kveld.

Inngangsparti, Nordmøre politidistrikt og Nordmøre Tingrett

Politiet fryktar at fleire eldre har fått, eller kjem til å få, falske telefonar.

Foto: Rune Petter Ness / Scanpix

Vedkomande som ringte ga seg ut for å vere frå heimesjukepleien, og sa at dei ville kome på besøk i dag. Noko slikt besøk har ikkje kvinna vore utsett for.

Kvinna klarer seg sjølv og brukar ikkje heimesjukepleien, men blei naturleg nok oppskaka etter hendinga.

Politiet ber difor folk vere merksame på, og avvise, slike som ringer og utgjer seg frå å vere frå heimesjukepleien. Dei viser til at noko tilsvarande skjedde i Kristiansund for to veker sidan, og fryktar at fleire skal få slike skakande telefonar.

Har ingen spor

Operasjonssentral

Det er politiet i Kristiansund som har mottatt melding om begge dei falske oppringingane. Ingen av dei er så langt melde til politiet.

Foto: NRK

– Det kan og vere at andre har fått slike telefonar utan at vi har fått melding om det, seier operasjonsleiar Rolf Anders Korstad.

Det er ringt til fasttelefon, og då er det vanskelegare å spore kvar samtalen kjem i frå. Då må i tilfelle saka formeldt meldast til politiet. Det blei ikkje gjort i Kristiansund for to veker sidan, men dei pårørande i Aukra vurderer dette no.

Det var dei som i føremiddag varsla politiet om telefonen som den eldre kvinna i Aukra fekk i går kveld.