NRK Meny
Normal

Blei lurt til å kjøpe rosebukett til 500 kroner

Då den 90 år gamle kvinna blei oppsøkt av ein pågåande blomsterseljar, torde ho ikkje anna enn å kjøpe. No er han på veg ut av landet med politieskorte for andre gong på to år.

Blomsterbukett

Dei rosa rosene 90-åringen kjøpte står framleis i vasen på bordet heime hos henne. Ho håper det blir siste gongen ho får blomsterseljarar på døra.

Foto: Synnøve Hole

Den 90 år gamle kvinna sat ved kjøkkenbenken for å drikke ein kopp kaffi, då det ringde på døra to gongar sist fredag. Inn kom ein svensktalande mann og bad henne kjøpe blomster til støtte for lidande barn. Ho torde ikkje anna enn å gjere som han sa, og gav han 500 kroner.

Eg har hatt mareritt etterpå, eg syns det er så fælt, eg låg og tenkte på det i natt då eg vakna, det gjekk slik innpå meg, seier den klokkeklare 90-åringen.

Ho vil vere anonym, men seier mannen argumenterte med at ho var den einaste igjen i huset som ikkje hadde kjøpt. Deretter skal han ha gått inn på soverommet og kome ut med handveska hennar.

Les også:

På veg ut av landet

Ho var langt frå den einaste som i helga fekk blomsterseljarar på døra, med spørsmål om å støtte fattige barn.

Mathias Häber

Politiadvokat Mathias Häber ved Møre og Romsdal politidistrikt seier dei tre blomsterseljarane har vore utviste frå Noreg før på grunn av liknande verksemd.

Foto: Lise Kristin Valgermo / NRK

Politiet gjekk i helga ut og etterlyste tips etter at dei fekk inn ei rekkje meldingar frå eldre menneske som blei oppsøkte av tre pågåande blomsterseljarar. Til slutt blei dei tre arresterte i Ørsta, og ifølgje politiadvokat Mathias Häber ved Møre og Romsdal politidistrikt er dei no på veg ut av landet med politieskorte.

Dei er sikta for bedrageri og har vedtatt ei bot på 5000 kroner, dei blir no utviste og uttransportert og får innreiseforbod i to år, seier han.

Laster Twitter-innhold

Utviste frå Noreg i 2014

Ifølgje politiet er det ikkje den første gongen dei tre blomsterseljarane, eit ektepar i 30-åra og dottera deira på 18 år, blir utviste frå Noreg. Det skjedde også i 2014, på grunn av liknande framferd på Austlandet.

Denne gongen skal dei ha gitt seg ut for å samle inn pengar for "Balkani Foreningen Lidande Barn".

– Dei har gitt ut seg for å selje blomster for ei foreining av lidande barn, men det er ikkje akkurat noko aktiv foreining, pengane går rett i deira eigne lommer, seier Häber.

Politiet har beslagslagt 4600 kroner, og seier dei vil betale tilbake til dei som har blitt lurt.

Varsla politiet

Blindheim omsorgssenter

Politiet fekk i helga meldingar mellom anna frå Blindheim der blomsterseljarane gjekk på dørene ved Blindheim omsorgssenter. Det kom også meldingar frå Giske og Ørsta, der dei til slutt blei arresterte.

Foto: Synnøve Hole

Dei ti rosa rosene 90-åringen kjøpte står framleis i vasen i stova hennar på Blindheim omsorgssenter i Ålesund.

Rett etter at mannen hadde gått, ringde ho og varsla dei tilsette. Deretter blei saka meld til politiet.

No er ho glad for at blomsterseljarane er på veg tilbake til Sverige, og håper dei aldri kjem tilbake.

– Eg syns det er heilt håplaust at han skulle kome inn her og skremme meg. No er eg glad han er på veg ut av landet, seier ho.