NRK Meny
Normal

Asylsøkjarane fekk aldri att pengane sine

Familien Sahibzadah skulle få att pengar for utgifter til sjukehus, men posten godkjende ikkje ID-kortet for asylsøkjarar. No seier styresmaktene at reglane kan ha vore for strengt tolka.

Oppfølging av sak om asylskøkere som ikke fikk pengene sine på grunn av id-rot.

Familien som budde ved Sunndal asylmottak hadde krav på refusjon for reiseutgifter, men fekk aldri att pengane dei la ut.

For sju månader sidan trefte NRK familien Sahibzadah som budde på asylmottak i Sunndal. Ezatullah Sahibzadah skulle få refundert reisekostnader han hadde då dottera måtte opererast, men såg aldri noko av dei pengane.

Då han skulle løyse ut pengane frå utbetalingsgiroane vart han stansa fordi statens ID-kort for asylsøkjarar ikkje var godkjend som legitimasjon. Dette er eit papir som staten sjølv har skrive ut via politiets utlendingseining.

LES OGSÅ:

Redd for kvitvasking

Forklaringa frå Justisdepartementet den gong var at det kunne vere tolkinga av kvitvaskingsreglane som var problemet. Dei bad Finansdepartementet om ei vurdering av regeltolkinga.

Etter at NRK etterlyste denne vurderinga kom svaret no. Finansdepartementet skriv at kvitvaskingsregelverket ikkje er til hinder for å at utbetalingsblankettar kan løysast inn ved å bruke asylsøkarbeviset, med mindre det er snakk om svært store beløp. Det er når posten eller banken skal etablere eit kundeforhold at dei må stille krav til legitimasjon.

Posten får skulda

Dermed er det regelverket hos posten som får skulda for at Sahibzadah ikkje fekk utbetalt pengane.

– Vi har inntrykk av at praksis nokre stader har vore at posten eller bankane har lagt desse krava til grunn også når det gjeld innløysing av utbetalingsblankettar, seier Andreas Bondevik.

Han er seniorrådgivar kommuniksjonsenheten i Justis- og beredskapsdepartementet.

Risikerer å tape pengar

Det er DNB som har ansvaret for alle banktenestene i posten. Dei seier at det kan vere snakk om store beløp på utbetalingsblankettar og at dei har ein tapsrisiko. Generelt krev dei difor legitimasjon uansett beløp.

– I lys av denne saka og beløpsstorleiken, vil vi sørge for at utbetalingsanvisninga i dette tilfellet kan hevast, seier Marit Elisabeth Giske. Ho er kommunikasjonsrådgivar i DNB.

DNB har allereie utvikla eit kort for slike utbetalingar som NAV og asylmottak kan gi direkte til brukaren. Dette kortet er utan bilete og namn. Mottakaren får kort og kode frå til dømes NAV.

– Inntil NAV ordnar ein annan måte for utbetalingar vil DNB vurdere korleis dei kan få til slike utbetalingar på mindre beløp med ID-kort som identifikasjon.

For seint

For familien Sahibzadah er det lite hjelp i no.

– Dei fekk aldri pengane sine og er no borte, seier Tore Vaagen. Han er leiar ved Driftsoperatørforumet for statlege mottak for asylsøkarar.