I dag var fleire hundre sunndalingar samla i sentrum av nordmørsbygda for å protestere mot nedlegginga. Under arrangementet blei det mellom anna servert mat frå mange verdsdelar. Det var bakels og graut frå Nordmøre og vårrullar, samboso og eit utal internasjonale rettar. Det heile var ein del av markeringa for å bevare mottaket.
– Det er forferdeleg feil å legge ned mottak når vi veit kor mange flyktningar i Europa som treng at vi strekkjer ut ei hand, seier initiativtakar Kjersti Ramsøy Halle.
Dette er initiativtakarane til markeringa søndag. Lajla Wennevold, Ane Wennevold, Eva Grilling, Lina Engelsrud og Kjersti Ramsøy-Halle.
Foto: Ingunn Karijord / NRK– Vi må seie frå
Under arrangementet var det underhaldning i Sunndal kulturhus og deretter ei omfattande markering ute på torget. Det heile blei avslutta med eit fakkeltog frå Øratorget til asylmottaket.
Asylmottaket på Sunndalsøra er eit av dei eldste i Noreg. Mottaket har 35 tilsette og kontrakten mellom UDI og mottaket er sagt opp frå 1. oktober. Siste driftsdagen ved mottaket blir 31. desember.
– No ønskjer vi å få seie ifrå høgt og tydeleg. Det er feil å legge ned mottaket. Menneske er framleis på flukt, seier Ramsøy-Halle.
– Rokkar ved noko grunnleggande
På Sunndalsøra har det blitt eit stort engasjement i samband med protestane mot å legge ned mottaket.
– Dette vedtaket rokkar ved noko grunnleggande i sjela mi og alt eg trur på. Om vi ikkje no tyr til alle dei midla vi har for å markere at vi er usamde kan eg nesten ikkje leve med meg sjølv. Vi må gjere det som står i vår makt for å stoppe nedlegginga, seier Ane Wennevold.
Wennevold understrekar at arrangementet søndag ikkje er slutten på protestane mot nedlegginga. Kampanjen skal halde fram så lenge det er aktivitet ved mottaket.
– Då startar vi kampanjen «Få mottaket tilbake», seier Wennevold.
Asylmottaket i Sunndal.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK– Ein del av folkesjela
Om lag heile mottaket var også engasjert i markeringa. Rådet for bebuarane var med og laga mat. Dei har også vore med på mykje av den praktiske førebuinga i forkant av arrangementet.
– Dette er ei fin markering. Dette betyr mykje for folk i Sunndal, seier ordførar i Sunndal Ståle Refstie.
Refstie har møtt Mørebenken på Stortinget denne veka. Og han la fram ei bøn om at mottaket måtte oppretthaldast. Han legg vekt på at asylmottaket spelar ei viktig rolle i integreringsarbeidet. Mottaket skal vere det einaste i sitt slag som har barnehage.
Sunndal har vunne Benjaminprsen og har vore nominert til årets inetgreringskommune to gongar.
– Det spørst om UDI og regjeringa snur. Men dette er eit folkeleg uttrykk for kva dette betyr i Sunndal. Vi har hatt 30 år med mottak og flyktningebusetting. Dette har blitt ein del av folkesjela vår. Vi må jobbe vidare opp mot Stortinget for å formidle kvifor vi tykkjer dette er viktig, seier Refstie.
– Uaktuelt å snu
– Vi opplever eit lågare behov for asylmottak og difor blir det lagt ned mange mottak i heile landet. Det skuldast at vi har fått god kontroll på tilstrøyminga av asylsøkjarar. Sånn sett er det av det gode at vi no kan legge ned, sa statssekretær i Justisdepartementet, Vidar Brein-Karlsen til NRK i september.
– Framleis behov for asylmottak
Dei engasjerte innbyggarane i Sunndal kjøper ikkje argumentasjonen om at mottaket må leggast ned fordi tilstrøyminga av asylsøkjarar til Noreg har minka.
– Asylmottak dei kan vi legge ned når menneska ikkje lenger har behov for asyl. Så lenge menneska framleis har behov for asyl må mottaka bestå. Ferdig snakka, seier Ane Wennevold.