Hopp til innhold

Staten godkjenner ikkje eigne ID-papir

Rot med identifikasjonspapir gjer at asylsøkjarar får papir som ikkje blir godkjent av offentlege etatar.

ID-rot medfører at asylsøkjarar har problem med å få dei pengane som staten overfører til dei. Bakgrunnen er at staten ikkje godkjenner sine eigne ID-kort.

SJÅ TV REPORTASJEN: Rot med identifikasjonspapir gjer at Ezatullah Sahibzadah ikkje får utbetalt dei pengane staten skuldar han.

– Her står det 1602 kroner på eitt av dei, 400 kroner på eit anna, og slik held det fram, seier Ezatullah Sahibzadah.

Sahibzadah viser fram bunken med utbetalingsblankettar som til saman utgjer 2300 krona i reisekostnadar. Pengar han la ut for staten då dottera måtte opererast, og som skulle vere lett å få tilbake når utbetalingsgiroen kom i posten.

ID-krøll

Men det er her problema startar. På postkontoret får ikkje Sahibzadah utbetalt dei pengane som staten skyldar han.

Asylsøkarar, blant anna i Sunndal, opplever store problem med dei identifikasjonspapira dei får når dei kjem til landet.

Ezatullah Sahibzadah

ID-KORT: ID-kortet til Ezatullah Sahibzadah kan ikkje nyttast som gyldig ID-kort.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Sjølv om det er papir som staten har skrive ut, kan dei ikkje brukast når asylsøkarane tek kontakt med statlege etatar. Og det er ikkje snakk om eingongstilfelle.

– Det har lenge vore eit problem at bebuarane på mottaket ikkje kan hente ut pengar eller rekommandert post fordi dei ikkje har godkjent ID, seier Tore Vaagen, ved Sunndal asylmottak.

Problemet er nemleg at staten, gjennom posten og bankane sine retningslinjer for kva som er godkjent ID, ikkje godkjenner asylsøkjarane sine ID-kort. ID-kort som staten sjølv har sendt ut via politiets utlendingseining.

Ofte må asylsøkjarane levere inn all ID-informasjon, inkludert pass hjå politiet ved innkomst til Noreg. Tilbake får dei asylsøkjarbeviset som ikkje er godkjent som identifikasjon. Desse asylsøkjarane er ofte ikkje papirlause, men manglar likevel statleg godkjende ID-dokument.

Problematisk

Desse asylsøkjarbevisa skrivast ut utan krav til godkjente ID-papir frå heimlandet, og blir difor ikkje rekna som gyldige. Og pengane – som staten skylder familien, blir difor ståande.

– Dette er ikkje eit nytt problem, vi har varsla UDI og posten, men det ser ikkje ut til å ha ført fram til noko, seier Vaagen.

Tore Vaagen

PROBLEM: Tore Vaagen seier dette er eit problem dei har opplevd lenge.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Asylsøkjarane har også problem med å hente ut rekommanderte brev. Det betyr at fleire av dei som ynskjer å reise tilbake til heimlandet frivillig, ikkje får pass og ID- kort nødvendige for heimreise, ettersom desse også blir sendt rekommandert.

– Det er ille at det må vere på denne måten. Dei har ingen sjanse til å identifisere seg, og det er frustrerande, held han fram.

Justisdepartementet er ansvarleg både for asylsøkjarbevisa og reglane som avgjer kva som er gyldig legitimasjon. På spørsmål frå NRK vise dei berre vidare til Udi. Den vegen har også Asylmottaket forsøkt før. I eit brev til asylmottaket skriv dei:

«Til sjuande og sist er det ikkje så mykje vi kan gjere for å legge til rette for denne situasjonen, då dette i botn og grunn er forhold som UDI ikkje har nokon innverknad på».

Må skje ei endring

Jenny Klinge (Sp), i Stortingets justiskomite, meiner det bør skje ei endring.

– Eg vil sjølv kontakte justisministeren og krevje eit svar i denne saka, seier ho.

Jenny Klinge

ENDRING: Jenny Klinge (Sp), i Stortingets justiskomite, meiner det bør skje ei endring.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Ho tykkjer det ikkje bør vere eit problem for asylsøkjarane å få utbetalt dei pengane dei har rett på.

– Det viktigaste er sjølvsagt at den rette personen får pengane, men når det er staten sjølv som har sendt ut ID-en bør det ikkje vere umogleg å finne praktiske løysingar på dette problemet, seier Klinge.

Ho meiner det er uheldig at asylsøkjarane blir utsett for denne typen byråkrati.

– Mange av dei flyktar frå vanskelege forhold i heimlanda sine til Noreg for å få hjelp. Det bør ikkje vere så vanskeleg å få dei pengane dei har rett på, held ho fram.

Viktige kroner

Medan dei ventar på ei løysing, sitt familiar som Sahibzadah, med ein giro dei ikkje får laust inn – og pengane dei ikkje har råd til å tape.

– Hovudproblemet er at desse pengane utgjer stor forskjell for oss, seier Sahibzadah.

– Har dykk råd til å reise på sjukehuset igjen utan å få att pengane?

– Nei det har vi ikkje, seier Sahibzadah.