Hopp til innhold

8 kg kveitemjøl kostar like mykje som 1/2 kg glutenfritt

Medan vanlege folk kan gjere eit kupp til julebaksten, er det dyrt å bake glutenfritt. – Butikkane bør sette ned prisen for oss også, seier cøliakar.

Eva Svingseth er fylkesleiar i Norsk cøliakiforeining. Ho står framfor kveitemjøl på tilbod på Coop Obs Stormoa

Eva Svingseth skulle ynskje at butikkane kunne sette ned prisen på glutenfritt mjøl før jul.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Folk fyller handlevognene med billeg kveitemjøl på Obs Moa i Ålesund. Med priskampanjen kostar det berre rundt seks kroner for ein kilo.

– Slik er det kvar jul. Dei sett ned prisen på kveitemjøl, men glutenfritt mjøl gjer dei ingenting med. Det er urettferdig, seier Eva Svingseth. Ho er fylkesleiar i Norsk cøliakiforeining.

Ho baker litt småkaker til jul, men det er altfor dyrt å bake dei tradisjonelle sju sortane.

Mjølet ho oftast brukar til slik bakst kostar 48 kroner for 500 gram. Svingseth tenker på alle barnefamiliar i vekene framover, som skal vere med på arrangement der julekaker står på menyen.

– Eg forstår at det må vere ein viss prisforskjell på glutenfritt mjøl, men kanskje dei kunne ha køyrt liknande tilbod til oss med cøliaki til jul, seier Svingseth.

Ronny Valde ved Coop Obs Moa

Ronny Valde er varehussjef på Coop Obs Moa. Han er ikkje ansvarleg for prisane på varene, men forstår at dei med cøliaki vil ha billegare mjøl før jul.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Stadig meir populært

Coop Noreg svarer at på grunn av konkurranseomsyn kan dei ikkje seie noko om framtidige prisar eller kampanjar.

Varehussjef Ronny Valde ved Coop Obs Moa forstår at dei med glutenallergi også ynskjer tilbod på kveitemjøl.

– Vi får tilbakemelding på dette frå kundane og vi spelar det vidare til vår kjede, seier Valde.

Han erfarer at glutenfrie produkt har blitt stadig meir populære og at vareutvalet difor har blitt mykje betre dei siste åra. Og det hender at glutenfrie varer er på tilbod, slik det nyleg har vore.

Bente Iren Bjelland-Bøe og Sofia Bjelland.

Må betale over 140 kroner for to små brød

Ikkje stort publikum

Varehandlekspert Odd Gisholt seier at det er baketid før jul og at butikkane ser det som ei moglegheit til å sette ned prisen på kveitemjøl, saman med andre varer som er typisk for jula.

– Handelen er nok ikkje spesielt opptekne av glutenfritt mjøl. Det er nok ein marknad der dei tener meir og kanskje er det ikkje så stor etterspurnad frå det store publikum at det er vits å satse på det, seier Gisholt.

Han trur det hjelp for cøliakarar å vere observante og finne dei beste prisane på produkta.

Eva Svingseth ser på glutenfritt mjøl

Det glutenfrie mjølet Eva Svingseth brukar til julebakst kostar 48 kroner for 500 gram på Coop Obs i Ålesund.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Glutenfritt er medisin

I butikken ser Eva Svingseth at folk fyller handlevognene med kveitemjøl. Mange av dei har 24 kilo mjøl.

Ho innrømmer at ho er litt misunneleg. Svingseth fekk påvist sjukdomen i 2017, men trur ho har hatt cøliaki heile livet. Både mora hennar har cøliaki og eit barnebarn.

– Eg håper at prisane kan bli litt meir normale. Glutenfri mat er einaste måten vi kan halde oss friske på, seier Svingseth.