Hopp til innhold

Må betale over 140 kroner for to små brød

Handlekorga til Bente Iren og dottera Sofia har vorte 28 prosent dyrare på fire år. Glutenfrie varer har auka dobbelt så mykje i pris som vanlege matvarer.

Bente Iren Bjelland-Bøe og Sofia Bjelland.

Bente Iren Bjelland-Bøe og Sofia Bjelland reagerer. Kiloprisen for det dyraste brødet er 149 kroner.

Foto: Rosa Irén Villalobos / NRK

– Det er heilt sjukt, seier Bente Iren Bjelland-Bøe.

Ho har vore og handla to glutenfrie brød. Til saman kostar desse to brøda over 140 kroner.

– Det vi merkar det best på er jo brødprisane. Noko vi et kvar dag, seier Bjelland-Bøe.

Sjølv har ho fått påvist glutensensitivitet via blodprøver. Dottera har fått påvist cøliaki.

Ein får støtte frå Nav for cøliaki. I månaden får familien 1076 kroner i støtte fordi dottera har fått påvist sjukdommen. Mora får ingenting.

Dei som er mellom 5 og 30 år, får 1076 kroner i månaden. Alle andre får 705 kroner.

I statsbudsjettet for 2021 fall grunnstønaden for dei med ikkje-cøliakisk glutensensitivitet bort.

– Derfor får ikkje eg noko støtte, seier Bjelland-Bøe.

Glutenfrie tortillas

Fredagstacoen blir dyr når tortillaene har ein kilopris på 318 kroner.

Foto: Rosa Irén Villalobos / NRK

Opp 28 prosent

Ei undersøking Norsk Cøliakiforening har gjort, viser at ei handlekorg med vanlege glutenfrie varer kostar 28 prosent meir i februar 2023 enn i 2019. Handlekorga foreininga brukar som døme er frå Meny. Men foreininga opplyser at alle matvarekjedene har stor prisvekst.

Tal frå SSB viser at prisen på matvarer generelt gjekk opp med 13,9 prosent i same periode.

Dømet viser at den glutenfrie handlekorga har stige dobbelt så mykje.

Knut Peterson er generalsekretær i norsk Cøliakiforening.

Knut Peterson er generalsekretær i norsk Cøliakiforening.

Foto: Norsk cøliakiforening

– Dette går veldig utover økonomien til folk. For dei som har cøliaki, er glutenfri mat medisinen deira. Dei må ete glutenfritt, og kan ikkje sjekke rundt etter tilbod på mat, seier Knut H. Peterson.

Han er generalsekretær i norsk Cøliakiforening.

Han opplever at enkelte varer har auka veldig.

– Det verste dømet er ein frosen familie-kneipp. Den har auka med 98 prosent, seier Peterson.

Dyrare i innkjøp

Både Norgesgruppen (Kiwi, Spar og Meny) og Coop beklagar at glutenfrie matvarer har vorte så dyre, og har forståing for at folk med cøliaki reagerer.

– Vi prøver derfor å selje desse produkta så rimeleg som mogleg. Men dessverre har desse høgare innkjøpspris enn andre varer, seier kommunikasjonssjef Harald Kristiansen i Coop til NRK.

Norgesgruppen opplyser at bakgrunnen for prisauken er samansett.

– I tillegg til at dei er dyrare å produsere, er mange av desse varene importvarer som er utsette for kursendringar. Den urolege råvaremarknaden i Europa har gjort at desse matvarene har auka endå meir enn andre seier kommunikasjonssjef Kine Søyland.

Kine Søyland, kommunikasjonssjef i Norgesgruppen

Kommunikasjonssjef Kine Søyland i Norgesgruppen.

Foto: Norgesgruppen

Ho seier det ikkje er mykje matvarekjedene kan gjere for å påverke prisstigninga.

– Men vi må halde fram med å sjå etter gode og attraktive produkt for denne målgruppa. I tillegg til pris, er det veldig viktig at vi kan tilby produkt som gir god næring, seier Søyland.

Norsk Cøliakiforening vil no jobbe opp mot politikarane for å få auka grunnstønaden.

Liten auke i stønaden

Arbeids- og inkluderingsdepartementet viser til at grunnsøknaden vart prisjustert frå årsskiftet.

Tomas Norvoll, Nordland fylke, fylkesrådsleder Nordland, fylkesrådet, arbeiderpartiet

Statssekretær Tomas Norvoll i Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK

Satsen for barn og unge i aldersgruppa 5–30 år er auka til 12.916 kroner i året, og satsen for andre aldersgrupper er 8432 kroner i året. Formålet med grunnstønaden er å kompensere for nødvendige, varige og løpande ekstrautgifter, skriv statssekretær Tomas Norvoll i ein e-post.

Han vedgår at grunnstønaden var høgare tidlegare.

Bakgrunnen for at satsane vart reduserte for nokre år sidan, var ein gjennomgang Forbruksforskingsinstituttet SIFO gjorde på oppdrag frå departementet i 2018, skriv han.

Hadde ikkje råd til mysli

Då Bente Iren var på butikken for nokre veker sidan, fekk ho hakeslep då ho ville unne seg ein pakke med glutenfri mysli.

Glutenfri musli

Disse bileta tok Bjelland-Bøe då ho skulle kjøpe frukostblanding.

Foto: Privat

– Eg fekk sjokk då eg såg han kosta 72 kroner. Så sjekka eg den vanlege. Den kosta 27, seier ho.

Dermed vart det ikkje frukostblanding på henne.

– Eg la den tilbake, for eg tok meg rett og slett ikkje råd, seier ho.