Hopp til innhold

Skulekjøkkenet til Emilie og Johanna er heilt fritt for gluten

Stadig fleire får påvist cøliaki og det kan skape utfordringar på skulekjøkkenet. På Sjøholt har skulen eige kjøkken for dei med allergiar.

Emilie Hanestadhaugen Kringstad og Johanna Lianes har skulekjøkken på Ørskog skule. Begge har cøliaki

Emilie Hanestadhaugen Kringstad og Johanna Lianes har cøliaki og har mat og helse på eit eige kjøkken.

Foto: Hans-Olav Landverk / NRK

På skulekjøkkenet på Sunnmøre går det med fleire kilo kveitemjøl denne bakedagen. 9.-klassingane skal lage gjærbakst og julekaker, men ikkje alle toler mjølet.

– Eg kan ikkje vere i same rom, seier Johanna Lianes (15). Ho fekk diagnosen cøliaki for åtte år sidan og er svært sensitiv. Ho er ikkje åleine om å gå på glutenfri diett. På trinnet hennar er det tre andre med cøliaki.

– Det er veldig deilig, for då har eg nokon å bake saman med, smiler 15-åringen. I dag bakar ho saman med Emilie Hanestadhaugen Kringstad, som også har cøliaki, og ei anna klassevenninne som er frisk.

Johanna Lianes

Johanna Lianes er så sensitiv at ho blir kvalm og uvel av støvet frå kveitemjøl. Ho er glad for at skulen har eige allergirom.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Allergirom

Då skulen blei bygd i 2018 fekk dei også plass til eit eige allergikjøkken. På dette kjøkkenet har det aldri vore brukt vanleg kveitemjøl, berre glutenfritt. Alt kjøkkenutstyret i skapet har heller aldri vore i kontakt med mjøl.

– Det er trygt og godt og du slepp å passe på at arbeidsplassane til dei med cøliaki ikkje blir forureina , seier lærar Signe Aamlid.

Allergikjøkken er berre skilt frå resten av klassen med ei glasdør, slik at læraren kan gå inn og ut.

Aamlid ser at stadig fleire av elevane har cøliaki eller ulike allergiar.

Johanna Lianes, Emilie Hanestadhaugen Kringstad og Signe Aamlid på skulekjøkkenet på Ørskog skule

Lærar Signe Aamlid er svært nøgd med serinakakene og lussekattane jentene har laga.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Viktig å ikkje skilje seg ut

Dei siste 10 åra har det vore nær ei dobling av folk som har fått økonomisk stønad fordi dei har cøliaki. Det viser tal frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Lise Friis Pedersen er konstituert generalsekretær i Norsk cøliakiforening. Ho seier at det kan vere store utfordringar når skulane skal legge til rette på skulekjøkkenet.

– Vi har fått historier om elevar som må bake det dei andre har bakt, men at dei ikkje kunne ete det. Andre har måtte tatt undervisninga skriftleg, seier Pedersen.

Lise Friis Pedersen i Norsk Cøliaki-forening

Lise Friis Pedersen er ernæringsfysiolog og konstituert generalsekretær i Norsk cøliakiforening. Ho meiner at skulane slett ikkje treng å bygge eigne allergirom, men det er viktig med god tilrettelegging under matlaging.

Foto: NCF

Ho synest det er bra med eige allergikjøkken, så lenge skulen sørgar for at den som er allergisk slepp å vere der åleine.

–Det er viktig at eleven ikkje skil seg veldig ut og kjenner seg annleis, seier Pedersen. For skulane som ikkje har eigne allergirom er det viktigaste at ein er nøye med reinhald og passar på at elevar ikkje går rundt med mjøl på fingrane, slik at det smittar over på den glutenfrie arbeidsbenken.

Portrettbilde av Eivind Ness-Jensen, førsteamanuensis og overlege ved Helseundersøkelsen i Trøndelag (HUNT).

Eivind Ness-Jensen trur at ein finn fleire tilfelle av cøliaki fordi ein er meir observant.

Foto: Hanne Bernhardsen Nordvåg / NRK

Har blitt betre å stille diagnose

Eivind Ness-Jensen er førsteamanuensis ved HUNT forskingssenter og overlege. Han seier at det kan vere mange grunnar til at fleire får påvist cøliaki.

– Den eine grunnen kan vere at vi er betre til å stille diagnosen, seier Ness-Jensen. Helseundersøkinga i Trøndelag (HUNT) har avdekt at 1,5 prosent av befolkninga i Nord-Trøndelag har cøliaki.

Mange har sjukdomen, utan å vere klar over det. Det er ikkje berre cøliaki som aukar, men også allergiar. Hypotesen er at vi lever i så reine samfunn at immunforsvaret ikkje får bryna seg på bakteriar og virus tidleg i livet. Dermed overreager immunforsvaret på uskyldige matvarer som gluten, og skaper betennelse.

– Vi forskar på om det finst ein faktor som aukar eller reduserer risikoen for å få cøliaki, seier Ness-Jensen.

Les også Ny forskning: Barn med cøliaki får dårligere tenner av melk

Tenner med emaljeskade

Vanskeleg med glutenfritt

På allergikjøkkenet på Sjøholt arbeider dei tre jentene bra. Det er viktig å fylgje oppskrifta nøye, for dei er vanskelegare å bake med glutenfritt mjøl.

– Det kan smuldre og bli hardt og tørt, seier Emilie Hanestadhaugen Kringstad. Ho tar ut brettet med lussekattar frå omnen og dei ser perfekt ut. Også lærar Signe Aamlid er fornøgd.

– Dette må bli 6 i karakter, trur jentene.

Elevane på Ørskog skule laga glutenfrie lussekattar på allergikjøkken

Det er både vanskelegare og dyrare å bake med glutenfritt mjøl. Jentene trur dei får god karakter på dagens bakst.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK