Bak garden på Lyngheim i Rauma glir det massive fjellpartiet «Mannen» nedover. Familien Sogge er vande med ras og steinsprang, men dei stadige evakueringane tærer på. Søndag fekk statsminister Erna Solberg sjå staden med eigne auge
– Det gjer inntrykk å vere her. Eg forstår dette er ein krevjande situasjon for dei, seier Solberg.
Les også:
Ventar på raset som ikkje kjem
Dei siste åra har det ustabile fjellpartiet i «Mannen» blitt nøye overvaka av NVE. Kvar gong geologane skrur farenivået opp på raudt må dei 11 som bur under det rasutsette partiet evakuere.
Fem gongar på tre år har dei blitt rykka ut av heimane sine. På kort tid har dei fått med seg alle dyra og evakuert for å vere trygge frå eit ras som enno ikkje har kome.
– Det er ikkje så lett å bu her når du aldri veit når du må evakuere. Framtida er usikker og vi veit ikkje om vi bur her om 10 år, seier Gunn Walstad Sogge, som håper statsministerbesøket kan gi svar på ting dei lurer på.
– Det er ingen som vil kjøpe her
På grunn av rasfaren er det byggeforbod på garden,
– Vi vil helst ikkje flytte, for vi har brukt heile vårt liv på å bygge opp garden. Men det er klart at vi kan ikkje halde på å evakuere slik i årevis. Det orkar vi ikkje.
Under gardsbesøket på Lyngheim søndag, lovde Erna Solberg at ho vil sjå på korleis ho kan hjelpe dei.
– Vi kan ikkje gjere noko med at fjellet er uroleg, men vi skal høyre på dei ønska dei har. Eitt av dei er moglegheita til å få unntak frå regelverket med tanke på at det ikkje er lov å gjere forbetringar på eigedomen og bygg, og det skal vi sjå på.
Statsministeren stadfesta også at det kan vere ei moglegheit å diskutere erstatning dersom familiane skulle bestemme seg for å flytte.
– Dei har ikkje vore klar over kor ille situasjonen har vore
Saman med mange andre, både nasjonalt og internasjonalt, har Solberg følgd situasjonen med det ustabile fjellpartiet i Rauma. Interessa for «Mannen» har vore stor og turistar har stått i kø for å ta bilde av fjellet.
Trua på ei avklaring har vore stor. Spesielt etter at NVE varsla at dei ville pøse store mengder vatn inn i fjellrekkene for å få auke bevegelsane. Slik gjekk det altså ikkje.
– Vi blir like stressa endå når vi må evakuere, som vi var første gongen. Vi har kort tid og må ha med oss alle dyra, seier Sogge.
– Blir de sett av politikarane?
– Vi veit ikkje heilt. Dei har ikkje vore klar over kor ille situasjonen har vore for oss, men i og med vi har fått statsministeren på besøk vil det kanskje hjelpe på.
Sjå direkte frå «Mannen»: