Hopp til innhold

Turistar i kø for å sjå om Mannen rasar

All merksemda rundt det venta fjellskredet trekkjer igjen uvanleg mange til området ved Mannen i Rauma. Folk vil sikre seg bilde før fjellet eventuelt rasar.

Mette Kløvjan

Mette Kløvjan var usikker på om ho turde å køyre ned Romsdalen på veg heim frå ferie torsdag. Men ho måtte sikre seg foto av Mannen då ho passerte.

Foto: Synnøve Hole

Svein Hoseth frå Elverum måtte fram med kameraet då han torsdag formiddag passerte Horgheim i Rauma. Han er på veg heim til Austlandet frå hytta i Averøy, og seier han er spent på kva som skjer med Mannen

Svein Hoseth

Svein Hoseth, som har sommarhus i Averøy, stoppar kvar sommar ved Mannen for å sjå korleis det går med han.

Foto: Synnøve Hole

– No tek vi bilde av han, for neste år er han kanskje nede, så då er det moro å ha bilde av han, slik at vi huskar korleis han såg ut, seier han.

Les meir:

Framleis raudt farenivå

NVE publiserte torsdag ettermiddag igjen ein ny statusrapport om situasjonen. Der går det klart fram at styresmaktene opprettheld raudt farenivå. Det betyr at det er ekstrem fare for skred frå fjellet Mannen.

Dermed får ikkje dei evakuerte flytte heim igjen, sjølv om situasjonen har stabilisert seg noko, og rørslene har avtatt. Ifølgje ekspertane kan nye nedbørsmengder og snøsmelting på nytt setje fart i fjellet til helga.

– Eg er oppvaksen på Åndalsnes og på veg heim frå sommarferie, og måtte ha meg ein tur innom for å sjå kva Mannen styrte med, ler Mette Kløvjan.

Usikker på reklameeffekten for Rauma

Sigrid Sundvor

Sigrid Sundvor ved Visit Åndalsnes seier turistane er opptekne av fjellet Mannen, men er usikker på reklameeffekten av all medieomtalen.

Foto: Remi Sagen

Også turistkontoret merkar at folk er opptekne av det som skjer med Mannen, ikkje minst fordi togbanen er stengt og ingen kan følgje jernbaneskinnene oppover Romsdalen.

Nyheitene frå fjellheimen i Rauma har prega alle kanalar og aviser i landet dei siste dagane, men marknadskoordinator Sigrid Sundvor ved Visit Åndalsnes er usikker på om det er godt eller gale.

– Det viser jo litt av dramatikken som er med fjellet og naturen her, og litt positivt er det jo at mange blir nysgjerrige og har lyst å kome og utforske området, seier ho.

Les også:

Spenning på heimvegen

Mannen dekt av snø

Det er snø på toppen av Mannen, og geologane reknar med at det kjem til å smelte i helga. Saman med meir regn kan det sette fart på rørslene i fjellet igjen.

Foto: Synnøve Hole

Også Oliver Hammerø (10) var torsdag ettermiddag på veg heim frå ferie med familien sin, og var snar med å ta bilde av Mannen med mobilen. Han seier han likevel ikkje hadde likt så godt å stå der om fjellet virkeleg rasa.

– Då hadde eg blitt litt uroleg for kor langt fjellet hadde gått, seier han.

Men den utflytta nordmøringen på veg heim frå hytta skulle gjerne hatt med seg endå meir dramatikk før han forlet Romsdalen.

– Vi hadde jo håpt at det gjekk medan vi sto her, så vi fekk med det også, men det trur eg ikkje noko på, det tek nok litt meir tid før han kjem. Men før eller sidan kjem han, seier Svein Hoseth.

Oliver, Trine og Isak Hammerø

Oliver Hammerø sikra seg bilde av Mannen torsdag ettermiddag då han og familien køyrde heim frå ferie. I baksetet bak han syskena Trine og Isak Hammerø.

Foto: Remi Sagen