Hopp til innhold

Elevar har funne opp plassryddar

Pc-en er framme i stadig fleire skuletimar, og tar stadig meir plass på pulten saman med skrivebøker, lesebøker, PC og ladar. Ungdomsbedrifta Simple Shelf UB ved Ulstein vidargåande skule har funne løysninga på korleis ein kan få orden på rotete og overfylte pultar.

PC-hylle for pult
Foto: Maria Therese Mostrøm / NRK

Dei er leie av å ha skulepultar overfylte av arbeidsbøker, lesebøker, kalkulatorar, penalhus og pc-ar. Og no kan dei få draumen om ein ryddig arbeidsplass oppfylt.

Ole-Gunnar Ulstein

Ole-Gunnar Ulstein får plass til mykje utstyr i hylla som han også kan bruke som eit bord på fanget.

Foto: Maria Therese Mostrøm / NRK

Ole-Gunnar Ulstein er økonomisjef for ungdomsbedrifta Simple Shelf UB. Han og dei andre i bedrifta har funne ut korleis plassproblema på pulten og i klasserommet kan løysast med ei enkel hylle på sida av pulten.

- Oppi hylla som heng på sida av pulten får vi lett plass til pc med ladar og fleire bøker.

Den kvite hylla er laga av alluminium og den kan lett hektast av pulten og takast med til eit nytt klasserom.

Ja til gründerlinje

Juvet vant Reiselivsprisen

Gode tilbakemeldingar

Julie Hauge er leiar for ungdomsbedrifta. Saman med fem andre har ho utvikla bedrifta og hylla dei no lanserer. Dei har halde på med dette sidan oktober og har fått gode tilbakemeldingar på arbeidet.

På ein konferanse Miljøverndepartementet heldt i Molde fekk dei høyre mykje positivt.

- Det var utruleg artig. Vi var den einaste bedrifta frå Møre og Romsdal som blei tilkalla og blei spurde om å kome på konferansen. Vi fekk mange gode tilbakemeldingar og fleire synest det var ein heilt super ide.

Også for rullestolbrukarar kan dette vere ei god løysing, fekk dei høyre frå ein potensiell brukar.

Produksjonen er igang

No er nær hundre hyller i produksjon, og ungdomsbedrifta har fått dei første bestillingane.

- Fleire lærarar vil bestille, foreldre, besteforeldre, tanter og vennar slik at vi i alle fall får avsetning for nokre titals hyller, seier Julie Hauge.

Adeleine Eiken

Adeleine Eiken vil bruke hylla også på kjøkkenet heime.

Foto: Maria Therese Mostrøm / NRK

Adeleine Eiken er lærar for ungdomsbedrifta og har sjølv jobba ti år i næringslivet. Ho har stor tru på hylla.

- Den er litt røff og inn i tida designmessig både når det gjeld materialval og fargar. Eg er overbevist om at dette er eit produkt som kjem til å slå an.