Hopp til innhold

Ja til gründerlinje

Fylkestinget gir tommelen opp for Åge Austheim (FrP) sitt forslag om gründerlinje i Møre og Romsdal.

Fylkestinget i Møre og Romsdal

Arkivfoto

Foto: Trond Vestre / NRK

Eit samla fylkesting ynskjer seg ei gründerlinje i Møre og Romsdal. No går saka vidare til Utdanningsutvalet.

Åge Austheim frå Framstegspartiet er gründeren bak gründerlina.

- Eg synast dette er ei kjempesak. Det er ei sak som gir store moglegheiter for å tilby ei meir spennande og meir praktisk og relevant linje for ungdommar som har vidaregåande opplæring.

Vil halde ungdommen i fylket

Ideen henta han frå eige hovud, men der fins liknande linjer i Oslo og andre stader i landet.

Åge Austheim

Åge Austehem fekk støtte frå eit samla i fylkesting.

Foto: Heidi Fagna / NRK

- Det gir ei moglegheit til å kome tidlegare inn i bedrifter, det gir bedriftene moglegheit til å kome tidlegare inn i skulane og skaffe seg dyktige folk og det gir moglegheit for at dei kan delta i forskingsarbeid allereie som vidaregåandeelevar, seier Austheim.

- Her er det store positive synergieffektar som kan gi elevane endå betre og meir tilpassa opplæring. På den måten kan vi halde endå fleire i Møre og Romsdal, få dei til å flytte tilbake og jobbe i alle dei gode bedriftene vi har i fylket.