Hopp til innhold

Fleire vegar opna etter uvêret «Hans»: E16 mellom Bergen og Hønefoss open att

Veg- og jernbanesamband i store delar av Sør-Noreg har vore hardt råka av ekstremvêret «Hans», men fleire stader vert vegar opna att. Natt til måndag opna også E134 mellom Hokksund og Drammen, etter først å ha vore stengt mellom Hokksund og Mjøndalen sidan torsdag.

Skader på rv7 vest for Ål sentrum-Foto-Bjørn Kristian Bråten 3

STOR SKADE: Skader på riksveg 7 like vest for Ål sentrum.

Foto: Bjørn Kristian Bråten / Statens vegvesen

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Fleire av dei store hovudfartsårene er igjen opne etter flaumar, skred og ras mange stadar i Sør-Noreg denne veka.

  • Sundag kveld er E16 Ringerike mellom Nes og Buttingsrud opna. Ein kan no køyre E16 heile vegen mellom Hønefoss og Bergen.
  • E6 mellom Oslo og Trondheim er open igjen. Nokre stadar på sidevegar, men desse er skilta. Tungtrafikk vert bedne om å køyre Østerdalen i staden.
  • Rørosbana er open. Dermed er det mogleg å ta tog direkte mellom Oslo og Trondheim.
  • Riksveg 4 blei opna laurdag.
  • Riksveg 15 frå Otta til Strynefjellet er open igjen, og det er mogleg å køyre mellom aust og vest.

– At E6 er open betyr ikkje at alle bør køyre her. Det er framleis omkøyringar via mindre vegar, som ikkje egnar seg for tungtrafikk. Dette gjeld strekningane mellom Harpefoss og Frya, Fåvang sentrum, samt Tretten sentrum, seier avdelingsdirektør Cato Løkken i Statens Vegvesen, i ei pressemelding.

Dei oppmodar også bilistar om å ta omsyn til folk langs vegen der det er omkøyring gjennom tettbygde strøk.

Statens vegvesen skriv i ei pressemelding at dei opnar vegane så snart det er forsvarleg og mogleg, men at det er vanskeleg å gi god informasjon om når dette vil skje.

Berre i Innlandet har over 100 fylkesvegstrekningar vore stengde og nesten 30 busslinjer innstilte. Det er registrert 150 skadar på fylkesvegane åleine i Innlandet, ifølgje fylkeskommunen.

Fylkesvis oversikt

Nedover i artikkelen finn du oversikt over status på trafikken i ulike fylke:

  1. Innlandet
  2. Oslo og Viken
  3. Møre og Romsdal
  4. Vestland
  5. Trøndelag

Innlandet

  • Av- og påkøyringa til E6 ved Vingromkrysset er stengd i nordgåande retning, samt krysset ved Mesna.
  • Riksveg 15 mellom Otta og Strynefjellet er opna etter ras og flaum. Det er igjen mogleg å køyre mellom aust og vest. For dei som vil over Valdresflya er det framleis stengd litt etter avkøyringa frå riksveg 15, men det er mogleg å køyre om Randsverk, Heidal og Lalm.
  • Dovrebanen er stengd, og ei jernbanebru i Ringebu blir overvaka, sidan den har vore i ferd med å kollapse.
  • Gjøvikbanen er stengd mellom Oslo S og Gjøvik fram til måndag 21. august kl. 01:15 grunna arbeid på sporet. Vy køyrer buss for tog.
  • Randsfjordferja, som går mellom Horn og Tangen i Gran, er innstilt på ubestemt tid. Eit viktig teknisk bygg ved kaia på Tangen har fått store skadar av flaumen.
  • Innlandstrafikk innstiller fleire bussruter: Sjå her.
  • Fylkesveg 34 på austsida av Randsfjorden er stengd ved Hornsrud på grunn av skade på vegnettet. Omkøyring via fylkesveg 33 og riksveg 4, Svingvoll-Gjøvik-Jaren.
  • Fylkesveg 255 er stengt fleire stadar i Gausdal og Sør-Fron på grunn av jordskred.
Togbru mellom Roa og Hønefoss

Togbrua mellom Roa og Hønefoss heng i lause lufta.

Foto: Bane Nor

Oslo og Viken

  • Vegar:
    • Europaveg 134 er stengd i Drammen i retning Kongsberg fordi Strømsåstunnelen er oversvømt.
    • På fylkesveg 290 er det stengd over Hønefoss bru og ved Hønefoss stasjon.
    • Fv. 1606 er stengt mellom Vållaugmoen i Nannestad og Skjerva i Lunner grunna flaum.
    • Fv. 2288 Søndre Brokerud i Lunner er open, men to køyrefelt er påverka av flaum.
    • Fylkesveg 245 Hønefossvegen er stengd ved Randsfjord. stasjon på grunn av overfløyming.
    • Rukkedølsvegen og Nesbyen er stengde.
  • Jernbane:
    • Dovrebanen er stengd, og vil vere det til og med mandag, skriv sj.no.
Konsekvenser av flommen i Jevnaker.

Flaumen har ført til store skader i Jevnaker.

Foto: Margret Helland / NRK

Møre og Romsdal

  • E6 gjennom Gudbrandsdalen er opna att, og det er mogleg å køyre mellom fylket og Oslo.
  • Bane Nor melde fredag morgon at trafikken på Raumabanen gjekk som normalt, men Sj.no melder no at det berre er test-tog som går. Raumabanen vil ta imot passasjerar tidlegast tysdag 15. august.
Mønin bru er borte ved Fjelltun

Mønin bru i Valdres onsdag.

Foto: Innlandet Fylkeskommune

Vestland

  • Bergensbanen er stengd mellom Oslo S og Hønefoss, men strekninga mellom Geilo og Bergen er open. Prognose for opning er 14. august, melder Bane Nor.
  • Fylkesveg 258 Gamle Strynefjellsvegen er stengd på grunn av uvêr. Vegen er stengd mellom fylkesgrensa og Heilstugu-bommen.
Ras i Lærdal

Tysdag gjekk eit stein- og jordras i Lærdal over fylkesveg 5627.

Foto: Jan Christian Jerving

Trøndelag

  • Dovrebanen er innstilt til og med måndag 14. august. Det er buss for tog på denne strekningen på laurdag, søndag og måndag på enkelte avgangar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL