Hopp til innhold

No eig kinesarane Stressless

Den norske møbelprodusenten Ekornes har hamna på kinesiske hender. Den kinesiske forretningsmannen Ruihai Zhao har kontroll på 98,36 prosent av aksjane i selskapet.

Stressless Ekornes

Millionar av Stressless-stolar frå Ekornes i Sykkylven står i heimar over heile verda. No blir Qumei Home Furnishings Group eigar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Noregs største møbelprodusent i Sykkylven på Sunnmøre har gått frå vere eit familieeigd selskap, via børsnotering, til å bli kinesisk. Qumei Home Furnishings Group med Ruihai Zhao i spissen har no fått hand om 98,36 prosent av aksjane. Resten blir tvangsutløyst til 139 kroner per aksje.

Blir i Noreg

Konsernsjef Olav Holst-Dyrnes i Ekornes har tru på at Ekornes vil halde fram med Stressless-produksjon og anna møbelproduksjon i Sykkylven.

Oppkjøp av Ekornes ASA.

Eigar Ruihai Zhao og konsernsjef Olav Holst-Dyrnes i Ekornes.

Foto: Geir B Srisoi / Ekornes / NTB scanpix

– Den einaste garantisten for at vi framleis kan vere der vi er, er at vi er konkurransedyktige. Våre nye eigarar har uttalt at dei ikkje trur på ein modell med å flytte arbeidsplassar til Kina. Dei har sjølv ein stor produksjon der, og veit at kostnadane stig også i Kina, seier Holst-Dyrnes.

Konsernsjefen trur ikkje det blir vesentlege endringar med det første.

– Våre nye eigarar er opptekne av å sikre kontinuitet i drifta, og utnytte dei moglegheitene som ligg framom oss. Med ein kinesisk eigar som sjølv direkte, eller indirekte kontrollerer om lag 900 butikkar, gir det oss gode moglegheiter til å ekspandere, seier Host-Dyrnes.

Har stor tru på framtida

Den nye eigaren, Ruihai Zhao, har fleire gonger vore på besøk i Sykkylven. Her har han snakka med både dei tilsette og konsernleiinga. Ruihai Zhao uttalar til NRK at Ekornes er ei bedrift med eit svært godt grunnlag for vidare vekst, og har tilsette som elskar bedrifta.

Ei bedrift som produserer nær 1500 Stressless-stolar dagleg.

Ruihai Zhao inspiserer fabrikken

Dei nye eigarane av Ekornes inspiserte fabrikken i Sykkylven.

Foto: Haavard Jangaard Strand / NRK

Suksesstolen hadde ein trong fødsel

Avdelingsleiar Eldar Høidal ved Møbelmuseet i Sykkylven fortel at folk ikkje var over seg av begeistring då stolen kom på marknaden i 1971.

Eldar Øyehaug Høidal

Eldar Høidal, avdelingsleiar ved Møbelmuseet i Sykkylven.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– I starten var folk skeptiske. Understellet i metall gjorde at mange syntest den likna på ein tannlegestol. Likevel blei den ein suksess, ikkje minst på grunn av komforten og marknadsføringa av stolen som TV-stol, seier Høidal.

Han har også skrive bedriftshistoria til Ekornes, og seier Stressless har vore svært viktig for norsk møbelindustri.

Stolen Stressless Original

Den originale stresslessen frå 1971.

Foto: Blomqvist

– Stolen har sett Noreg på det internasjonale møbelkartet. Det er ingen norsk stol som har nådd så langt ut i verda. Du kan finne ein Stressless overalt, også i Indre Mongolia sit folk i stolen, seier Høidal.

Sidan den første stolen kom på marknaden har det blitt produsert nær 10 millionar stolar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL