Hopp til innhold
Ekornes avdeling Aure
Foto: Håvard Jangaard Strand / NRK

Ekornes

Oppsummert

Ekornes ASA er ein norsk møbelprodusent med hovudkontor i Sykkylven i Møre og Romsdal. Selskapet er mest kjent for varemerka Stressless® og Svane®.

  • Får tilbod om sluttpakke

    Alle dei tilsette hos Ekornes i Noreg, som er over 62 år, vil få moglegheit til å søke om sluttpakke. Dette fortel konsernsjef Tine Hammernes Leopold til Nyss.

    Tilbodet vil gjelde gjennom heile 2024. Konsernsjefen seier til avisa at dei er bekymra for å miste viktig kompetanse, men at det har vore eit ønske frå dei tilsette.

    Tidlegare denne månaden kom meldinga om at opp mot 80 tilsette ville bli permitterte som eit resultat av behov for å skalere ned kapasiteten hos møbelbedrifta.

    Ekornes hovudkontor Sykkylven
    Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK
  • Ekornes må ty til permitteringar

    Møbelprodusenten Ekornes melder fredag ettermiddag om at dei må ty til permittering av inntil ti prosent av dei 760 årsverka som arbeider med produksjon og montering ved fabrikkane.

    Det skriv avisa Nyss.

    Det er Ekornes sine Stressless-anlegg i Noreg som kjem til å verte råka av permitteringane, skriv avisa.

    Ekornes hovudkontor Sykkylven
    Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK
  • Ekornes permitterer tilsette

    Møbelprodusenten skal permittere opp mot 10 prosent av dei tilsette.

    Oppseiingane skal skje innan produksjon og montering på fabrikkane som mellom anna produserer Stressless. Det seier dei i ei børsmelding.

    Det betyr at over 70 tilsette risikerer å miste arbeidsplassen sin.

    Etterspurnaden for møblar har vore svært svak som følgje av ein svakare privatøkonomi. Difor må dei permittere tilsette for å redusere kostnadane.

    Selskapet har i dag vore i forhandlingar med dei tillitsvalde.

    Før jul blei det klart at dei tilsette måtte ta ut tidleg juleferie fordi marknadssituasjonen var så krevjande.

  • Tilsette må ta ekstra fri før jul

    Marknadssituasjonen gjer at tilsette hos Ekornes må ta tidleg juleferie. Det skriv Nyss. Dette vil gjelde fabrikkane i Sykkylven og avdelinga på Grodås. Til avisa seier Ole Bastian Emdal hos Ekornes at marknaden er særs krevjande og Ekornes opplever svak ordreutvikling. Dei tilsette som tek tidleg juleferie får betalt 50 prosent løn desse dagane.

  • Ny administrerande direktør i Ekornes

    Tine Hammernes Leopold blir ny administrerande direktør i Ekornes. Ho har 20 års erfaring frå nordiske merkevareselskap som Orkla, Pierre Robert, Møllers Tran og Salmon Brands. Tine Hammernes Leopold kjem til å byrje i stillinga i haust. Den midlertidige administrerande direktøren, Fredrik Ødegård Nilsen, går samtidig inn i ei stilling som viseadministrerande direktør.

    Tine Hammernes Leopold - administrerande direktør i Ekornes
    Foto: Pressebilde / Ekornes
Konsernsjef i Ekornes, Roger Lunde, sluttar på dagen, etter mindre enn tre år i jobben. Fredrik Ødegård Nilsen, som har vore finansdirektør, tek mellombels over. For dei tilsette kom nyheita heilt uventa.
For flyktningar kan det vere ei svært stor utfordring å kome seg inn i det norske arbeidslivet. I Sykkylven har dei klart å endre dette ved hjelp av møbelkonsernet Ekornes.