Hopp til innhold

Eit knusande nederlag for storkommune på Sunnmøre

Medan folket i Ålesund vil inn i ein storkommune, er svaret frå dei andre kommunane eit klart nei.

Ålesund

Folket på Sunnmøre har sagt sitt i dag gjennom folkeavstemming. Dei vil ikkje slå seg saman med Ålesund i ein storkommune.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Ordføraren i Ålesund, Eva Vinje Aurdal (Ap) drøymer om ein storkommune på Sunnmøre, men dette frieriet har folket takka nei til i dag, gjennom folkeavstemmingar.

Ålesund har gått inn ein intensjonsavtale om samanslåing med Giske, Haram, Hareid, Sandøy, Skodje, Stordal, Sula, Sykkylven og Ørskog.

I innbyggjerundersøkinga frå Ålesund seier fleirtalet ja til kommunesamanslåing. Dei som har blitt spurt seier at aller viktigast er det at Sula og Giske inngår i storkommunen.

LES OGSÅ:

Eit rungande nei

Men i Sula seier heile 9 av 10 innbyggjarar at dei vil heller stå åleine. Berre 10,2 prosent ser for seg å vere ein del av storkommunen Ålesund.

Ordførar Jim Arve Røssevoll er ikkje overraska over resultatet, men meiner det var tydelegare enn han hadde trudd.

– Folket seier eit klart ja til Sula som eigen kommune, seier Røssevoll. Han synest det er bra at innbyggjarane er på linje med det politiske fleirtalet i kommunen.

Tommelen ned

Harry Valderhaug

Harry Valderhaug er ordførar i Giske. Han meiner rådet frå innbyggjarane var tydeleg.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Også folket i Giske har gitt tommelen ned for storkommunen Ålesund. 78 prosent seier at dei vil at Giske skal halde fram som eiga kommune.

– Dette rådet frå innbyggjarane i Giske må vi ta med oss vidare. Det er eit veldig tydeleg råd, seier ordførar Harry Valderhaug. (KrF)

Han meiner at samarbeidet Giske har hatt med nabokommunane må utviklast. Ikkje gjennom kommunesamanslåing, men på andre måtar. Sjølv stemde han for storkommunen.

– Du har tidlegare sagt at du trur Stortinget på sikt vil tvinge gjennom samanslåingar av kommunar. Trur du det vil skje?

– Ja, i eit lengre perspektiv trur eg det, men eg trur ikkje det blir tvang no, seier Valderhaug.

Også i Haram snur folket ryggen til storkommuneforslaget. Det same gjer Ørskog, Stordal, Sandøy og Hareid.

Gir ikkje opp håpet

Eva Vinje Aurdal

Eva Vinje Aurdal, ordførar i Ålesund, trur ikkje alt håp er ute for storkommunen.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal (Ap), gir ikkje opp draumen om ein storkommune, sjølv om folkets tale er klar.

– Kommunestyra skal ta ei endeleg avgjer i juni, men eg er samd i at i ein del kommunar no, så er rådet frå folket tydeleg og klart. Då må kommunepolitikarane vurdere rådet frå folket, seier Aurdal.

Ho har merka seg at frammøteprosent er låg, til dømes i Giske. Der var det berre 37, 5 prosent valdeltaking.

Aurdal trur at mange tenkjer at dei har det bra i dag, og at slik vil det også bli i framtida, og at det kan vere grunnen til at mange ynskjer at kommunen dei bur i skal stå åleine.

– Eg er ikkje skuffa. Det viktige er ikkje kva eg føler, men at løysinga vi endar med, vert den beste for innbyggjarane 30 år fram i tid, seier Aurdal.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL