Resultat av folkerøystingane på Sunnmøre

13 kommunar på Sunnmøre har i dag hatt folkerøystingar om dei skal slå seg saman med ein eller fleire nabokommunar. Ålesund og Sandøy presenterer resultatet av innbyggjarundersøkingar. Her får du resultata etter kvart som dei blir klare.

stemmelokale valg stemmeavlukke

14 sunnmørskommunar held folkerøystingar i dag. I dei fleste kommunane på Nordmøre og i Romsdal var det folkerøystingar tidlegare i vår.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Giske Haram Hareid Herøy Norddal Sande Sandøy Skodje Stordal Stranda Sula Ulstein Volda Ørskog Ørsta Ålesund

Det er altså 13 sunnmørskommunar som har hatt folkerøystingar i dag. Dette er rådgjevande folkerøystingar.

Ei rekkje kommunar på Nordmøre og i Romsdal hadde folkerøystingar 25. april. Også Vanylven hadde folkerøysting denne dagen. Du kan sjå alle desse resultata her.

Giske

Laster innhold, vennligst vent..

I Giske står det att om lag 30 stemmer som ikkje er rekna med.

Haram

Haram kommune har lagt opp folkerøystinga litt annleis enn dei andre kommunane. Her blir innbyggarane bedne om å rangere dei ulike alternativa, der talet 1 er best, 2 er middels og 3 er dårlegast.

Laster innhold, vennligst vent..

Ordførar i Haram, Vebjørn Krogsæter er skuffa over den låge valdeltakinga, men seier at politikarane likevel har fått eit klart råd om kva innbyggjarane ynskjer.

Hareid

Laster innhold, vennligst vent..

Herøy

Laster innhold, vennligst vent..

Norddal

Laster innhold, vennligst vent..

Sande

Laster innhold, vennligst vent..

Sandøy

Sandøy har ikkje folkerøysting, men ei innbyggarundersøking. Av 891 som er spurde har 357 personar svart. Her viser undersøkinga at 43 prosent er negative til ei samanslåing med region Ålesund. 39 prosent av innbyggjarane er positive. 18 prosent har ikkje tatt standpunkt.

Fok folket i Sandøy er det mest avgjerande at Haram er blant dei ni kommunane. 70 prosent vil at Haram skal vere med, deretter følger Ålesund med 26 prosent.

På spørsmål om å slå seg saman med Haram er 47 prosent er positive og 35 prosent er negativ. 18 prosent har ikkje tatt standpunkt.

Ei samanslåing av Haram og Sandøy føreset at Nordøyvegen blir bygd.

Les alt om innbyggjarundersøkinga her.

Skodje

Laster innhold, vennligst vent..

Ordføraren i Skodje, Dag Olav Tennfjord, hadde håp om at innbyggjarane hadde gitt klarare råd gjennom innbyggjarundersøkinga og folkeavstemminga. I innbyggjerundersøkinga svarte 52 prosent av dei som var positive til kommunesamanslåing at Region Ålesund var beste alternativet. I folkeavstemminga svarte 40,2 prosent det same. 47,8 ville heller bli ein del av Storfjord kommune.

Heile 12 prosent gav blanke stemmer.

– Det at så mange stemte blankt er nok eit uttrykk for at dei heller kunne tenkje seg å stå åleine som i dag, seier Tennfjord. Det var ikkje eit alternativ dei kunne stemme på.

Les alt om innbyggjarundersøkinga her.

Stordal

Laster innhold, vennligst vent..

Av desse 44 prosentane stemte 18,8 prosent for regionkommune Ålesund, medan 78,2 prosent stemte for landkommune.

Ordførar Eva Hove seier at dette viser at folket i Stordal ynskjer å halde fram som eiga kommune, men dersom det vert samanslåing vil dei ikkje slå seg saman i storkommunen Ålesund.

– Dette er ikkje overraskande. Det er i tråd med dei signala vi har fått på folkemøte, seier Hove.

Sula

Laster innhold, vennligst vent..

Folket i Sula har klar tale. Dei ynskjer ikkje å bli ein del av storkommunen Ålesund. Ordførar Jim Arve Røssevoll er ikkje overraska over resultatet, men meiner det var tydelegare enn han hadde trudd.

– Folket seier eit klart ja til Sula som eigen kommune, seier Røssevoll. Han synest det er bra at innbyggjarane er på linje med det politiske fleirtalet i kommunen.

Ulstein

Laster innhold, vennligst vent..

Ulstein har også hatt ei innbyggjarundersøking. 56 prosent er for samanslåing med Hareid, Herøy, Sande og Vanylven, som vil utgjere Runde kommune. 31 prosent er imot, og 13 prosent har ikkje tatt standpunkt. Les meir om innbyggjarundersøkinga her.

Volda

Laster innhold, vennligst vent..

Ordførar i Volda, Jørgen Amdam (Ap) seier dette er eit klart signal.

– Det er jo eit klart nei, no blir intensjonsavtalen med Ørsta skrinlagt.

Kommunen har intensjonsavtale med Hornindal og Stryn, og ordføraren seier det er naturleg å sjekke stemninga der gjennom ei innnbyggjarundersøking.

Ørskog

Ørskog har ikkje berre folkerøysting. Denne kommunen gjennomfører ei høyring og har lagt ut skjema for høyringa på dei kommunale nettsidene. Høyringa er basert på at innbyggjarane sjølve tek initiativ til å svare på spørsmåla i høyringsskjemaet.

Laster innhold, vennligst vent..

Ørsta

Laster innhold, vennligst vent..

Ålesund

Ålesund er blant kommunane som ikkje gjennomfører folkerøysting, men som har valt opinionsundersøking i staden. Av dei 1000 som har svart svarar 57 prosent at dei er svært eller ganske positive til at 10 kommunar skal samle seg til ei ny kommune. 21 prosent er svært eller ganske negative. Les alt om opinionsundersøkinga her.