Forlik mellom Romsdal Sparebank og Eirawater
Romsdal Sparebank og Eirawater AS har blitt einige om å vidareføre kundeforholdet til 31. mars 2024, før det blir automatisk avvikla. Den pågåande rettssaka blir dermed avslutta med eit forlik. Det skriv banken i ei pressemelding.
Eirawater gjekk til sak mot Romsdal Sparebank då banken ville avslutte kundeforholdet. I retten argumenterte banken med at dei frykta at pengane til Eirawater kunne kome frå kriminell verksemd. Selskapet sjølv meinte et dette var tull.
I fjor vann banken fram i Møre og Romsdal tingrett, men Eirawater anka dommen. Ankesaka skulle starte i april, men blei utsett. No har dei to partane kome til ei semje.
– Grunna Eirawater sin internasjonale vekst, er det behov for eit tilsvarande internasjonalt spekter av banktenester, og partane er einige i, at Romsdal Sparebank uansett ikkje er rett bankforbindelse for Eirawater, skriv banken i pressemeldinga.
Utover dette skriv Romsdal Sparebank at dei ikkje ønskjer å uttale seg om saka eller forliket. Heller ikkje Eirawater sin advokat Roger Sporsheim ønskjer å kommentere forliket.