Hopp til innhold

No blir milliardæren frå Midt-Austen kasta på dør i banken

Banken fryktar at ein arabisk aksjonær har sendt til Noreg millionar av kroner som stammar frå kvitvasking og terrorfinansiering.

Abdullah Al Othman på veg inn i retten

Hovudaksjonæren Mohammed Al Othman sende nyleg sonen sin, Abdullah Al Othman, til Noreg for å vitne i rettssaka mot banken.

Foto: Roar Strøm / NRK

Striden mellom selskapet Eirawater og lokalbanken Romsdal Sparebank har vart i fleire år.

Eirawater har ein søkkrik hovudaksjonær frå Saudi-Arabia, og det er pengane hans som har skapt trøbbelet.

Banken hevdar dei ikkje veit kvar pengane hans kjem frå, og har nekta å ha selskapet som kunde.

No er banken frifunnen på alle punkt etter rettssaka i Møre og Romsdal tingrett tidlegare i haust.

– Sjølv om vi heile tida har meint at vi har hatt ei god sak og at våre vurderingar har vore rette, er det godt å få det stadfesta av domstolen, seier administrerande bankdirektør Odd Kjetil Sørgaard til NRK.

Banken er tilkjent over 3 millionar kroner i erstatning og sakskostnader.

Administrerande bankdirektør Odd Kjetil Sørgaard. Bak advokat Tor Henning Rustan Knutsen og advokatfullmektig Line Stjern Pedersen.

Administrerande bankdirektør Odd Kjetil Sørgaard er fornøgd med dommen. I bakgrunnen sit banken sin advokat, Tor Henning Rustan Knudsen.

Foto: Roar Strøm / NRK

Vil anke avgjerda

Den saudiarabiske hovudaksjonæren Mohammed Al Othman kasta auga på det lokale selskapet Eirawater i 2016. Han som på kort tid har bygd seg opp eit forretningsimperium i Midt-Austen, har også blitt hovudaksjonæren i selskapet som produserer eksklusivt flaskevatn i Romsdal.

Dei siste seks åra har Othman sprøyta inn 148 millionar kroner.

Selskapet sin advokat, Roger Sporsheim, meiner dei har gjort alt dei kan for å dokumentere kvar pengane kjem frå.

– Eirawater er sjølvsagt skuffa over resultatet frå tingretten og eg kan stadfeste at avgjerda vil bli anka. Vi meiner avgjerda byggjer på feil rettsforståing og ser fram til å få dette belyst i lagmannsretten, skriv Sporsheim i ein epost til NRK.

Etter rettens vurdering hadde Romsdal Sparebank både rett og plikt til å si opp kundeforholdet i medhold av hvitvaskingsloven § 24 fjerde ledd

Dom i Møre og Romsdal tingrett

Då NRK i samband med rettsaka forsøkte å stille Abdullah Al Othman spørsmål om kvar faren sine pengar stammar frå, trekte han seg frå intervjuet.

Kan bli viktig for fleire

Avgjerda i retten kan få mykje å seie for andre bankar og finansinstitusjonar. Etter at Kvitvaskingslova blei innført i 2018 må dei undersøkje nøye kvar kundane har fått pengane sine frå.

Dei siste åra har ei rekkje bankar fått gebyr i millionklassen fordi dei ikkje har gjort nok.

Denne gongen meinte ein av kundane, Eirawater, at banken har gått alt for langt. Det har dei ikkje fått medhald i.

Bankdirektør Odd Kjetil Sørgaard seier det å sende ein kunde på dør, er heilt spesielt.

– Det er ikkje vanleg, det er ikkje daglegdags å gjere det på bakgrunn av kvitvaskingslova. Det er nok første gongen vi har vore bort i, seier han.

Rettsak i Møre og Romsdal tingrett

Abdullah Al Othman møter i retten for far sin, milliardæren Mohammed Al Othman frå Saudi-Arabia. Selskapet sine advokatar Anne Kjølseth Ekerholt og Roger Sporsheim til venstre.

Foto: Roar Strøm / NRK

Kan bety kroken på døra

Eirawater har blitt ein viktig arbeidsplass i bygda Eresfjord i Molde. Eigarane hevda at det å stå utan bank, kan føre til at produksjonen må avviklast.

Hovudaksjonæren i selskapet har det siste året fånyttes forsøkt å bli kunde i ein ny bank. Alle har svart nei:

Handelsbanken, Swedbank Norge, Bank2, Næringsbanken ASA, Bien Sparebank ASA, Nordic Corporate Bank AS og Danske Bank.

Det er ikkje klart om dommen blir anka, og fristen går ut om ein månad.

I den første versjonen av saka sto at ei rekkje bankar har sagt nei til Eirawater som kunde. Ifølgje advokaten til selskapet er det hovudaksjonæren som har fått avslag. Det sto også at DnB har sagt nei, men dette er førebels ikkje avklart, seier advokaten.

Les også Bank fryktar dei har fått pengar frå terrorverksemd – får ikkje sparke kunden

Flasker med vatnet Eira