Hopp til innhold

Saudiarabisk milliardær nektar å bli vraka som kunde i norsk småbank

Pengestraumen frå den saudiarabiske milliardæren har fått leiinga i banken til å sperre opp auga. No har krangelen om terrorfinansiering hamna i retten.

Rettsak i Møre og Romsdal tingrett

Abdullah Al Othman møter i retten for far sin, milliardæren Mohammed Al Othman frå Saudi-Arabia. Selskapet sine advokatar Anne Kjølseth Ekerholt og Roger Sporsheim til venstre.

Foto: Roar Strøm / NRK

Det møter ein søkkrik, saudiarabisk investor i Møre og Romsdal tingrett denne veka. Mohammed Al Othman er hovudaksjonær i Eirawater. Selskapet produserer norsk flaskevatn frå bygda Eresfjord i Romsdal.

Dei siste seks åra har Othman sprøyta inn 148 millionar kroner.

Det har fått Romsdal Sparebank til å slå alarm. Dei nektar å ha selskapet som kunde lenger, fordi dei fryktar at pengane kan kome frå kriminell verksemd.

– Eirawater meiner dei har dokumentert svært godt kvar pengane kjem frå. At banken ikkje er fornøgd, er ei anna sak, seier Roger Sporsheim, som er selskapet sin advokat.

– Fryktar terrorverksemd

Tidlegare i år forsøkte Romsdal Sparebank å kaste ut Eirawater mendan ein ventar på ein endeleg dom. Dei argumenterte i retten med at banken frykta kvitvasking og finansiering av terrorverksemd.

Administrerande banksjef Odd Kjetil Sørgaard seier dei har brevveksla i halvanna år, utan å kome til nokon annan konklusjon.

– Vi kjenner ikkje kunden godt nok lenger og eigarskapet - og kvar midlane som blir tilført Eirawater kjem frå, seier han.

Han seier dei pliktar å ta affære no.

Administrerande bankdirektør Odd Kjetil Sørgaard. Bak advokat Tor Henning Rustan Knutsen og advokatfullmektig Line Stjern Pedersen.

Administrerande banksjef Odd Kjetil Sørgaard til høgre seier dei har lagt ned eit stort arbeid for å kartlegge verdiane til selskapet. Til venstre er advokat Tor Henning Rustan Knutsen og advokatfullmektig Line Stjern Pedersen.

Foto: Roar Strøm / NRK

Det foreligger ingen etterprøvbar forklaring på den relativt unaturlige omstendighet at en tidligere pilot har slik ekstraordinær forretningsmessig suksess med tilhørende innflytelse innen så mange ulike bransjer.

Frå ei tidlegare forklaring til Romsdal Sparebank i Frostating lagmannsrett

Lagmannsretten fann den gongen ikkje konkrete haldepunkt for å slå fast at pengane kom frå kriminell aktivitet.

Kan få mykje å seie for andre

Avgjerda i retten kan få mykje å seie for andre bankar og finansinstitusjonar. Etter at Kvitvaskingslova blei innført i 2018 må dei undersøkje nøye kvar kundane har fått pengane sine frå.

Finanstilsynet har bøtlagde ei rekkje bankar dei siste åra, fordi dei ikkje har gjort som dei skulle.

DNB fekk i fjor ei bot på 400 millionar kroner for brot på Kvitvaskingslova. Også fleire lokalbankar har fått gebyr i millionklassen:

Les også Bank fryktar dei har fått pengar frå terrorverksemd – får ikkje sparke kunden

Flasker med vatnet Eira

Nekta å svare om terrorfinansiering

Mohammed Al Othman, som er Eirawater sin hovudeigar, var tidlegare jagarpilot. Dei siste åra har han gjort suksess som forretningsmann.

No har han sendt son sin, Abdullah Al Othman, til den norske rettssaka.

Måndag sa milliardærsonen først ja til intervju med NRK, men kravde å ikkje få spørsmål om korleis han stiller seg til skuldingane om finansiering av terrorverksemd.

Då NRK nekta å godta premissen, ville han ikkje lenger stille til intervju.

I dag forklarer han seg for Møre og Romsdal tingrett.

Abdullah Al Othman på veg inn i retten

Abdullah Al Othman på veg inn i Møre og Romsdal tingrett. Han nektar å svare NRK på korleis han stiller seg til påstandane om finansiering av terrorverksemd.

Foto: Roar Strøm / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL