Hopp til innhold

Eirawater ankar

Eirawater ankar avgjerda som slår fast at Romsdal Sparebank kan stryke selskapet frå kundelista.

Det stadfestar advokat Roger Sporsheim.

Møre og Romsdal tingrett slår fast at banken kan kvitte seg med kunden fordi dei ikkje har svart klart på kvar pengane i selskapet stammar frå.

Hovudaksjonæren er ein milliardær frå Saudi-Arabia, og banken fryktar at pengane kjem frå terrorfinansiering og kvitvasking.

Sporsheim seier avgjerda byggjer på feil rettsforståing.

Rettsak i Møre og Romsdal tingrett
Foto: Roar Strøm / NRK