Hopp til innhold

Ein tung beskjed for dei tilsette på Ekornes Hareid

Ekornes vil legge ned fabrikk på Hareid, og 70 tilsette blir berørt av avgjeringa. Dette vart møtt av frustrasjon og tårer blant dei tilsette på Hareid.

Oddrun Hatløy Fjørtoft

Hovudtillitsvald i Ekornes Hareid, Oddrun Hatløy Fjørtoft er skuffa over avgjeringa om å legge ned avdelinga i Hareid.

Foto: Privat

Møbelprodusenten Ekornes har beslutta å samle dagens to Stressless-fabrikkar i Sykkylven på Sunnmøre. Driftsmarginane for Stressless-segmentet er nesten halvert sidan 2010 og Ekornes reknar med å spare ti millionar kroner årleg på samanslåinga.

Les også:

– Vi har stålsett oss til denne dagen, men det var ein fryktelig tung beskjed å få, seier hovudtillitsvald for Ekornes Hareid, Oddrun Hatløy Fjørtoft.

Overraska over avgjerda

Hatløy Fjørtoft fortel at leiinga den siste veka har prøvd å forberede seg på korleis dei tilsette ville reagere.

– Det er ei tung stemning her no. Folk er fortvilte og mange har teke til tårene, seier ho.

Er du overraska over at leiinga har beslutta dette?

– Ja, eg vart litt overraska over at det vart slik. Eg har vore med i prosessen ganske lenge og har sett på produksjonsstrategien, seier Hatløy Fjørtoft.

Får tilbod om jobb i Sykkylven

Konsernsjefen i Ekornes, Olav Holst-Dyrnes fortalte tidlegare til NRK at dei tilsette i produksjonsstillingar på Hareid, vil få tilbod om overflytting til Sykkylven.

Trur du at det er aktuelt for mange å pendle til Sykkylven?

– Ja, eg trur det. Vi prøver å anbefale så mange som mulig om å takke ja, seier Hatløy Fjørtoft.