Hopp til innhold

Denne matpakken tar berre nokre minutt å lage

Matbloggar Mari-Lene Korsnes meiner at alle har tid til å lage ein meir spanande matpakke enn brødskive med brunost. Ho brukar ofte middagsrestar frå dagen før.

Mari-Lene Korsnes

Mari-Lene Korsnes har fylt pitabrødet med fiskekakerestar frå gårsdagens middag.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Denne veka starta skulane på att og med det høyrer smøring av matpakker. Mange gjer det på enklast mogleg vis, med brødskiver og pålegg, som ofte blir sveitt til matfriminuttet. Mari-Lene Korsnes frå Hareid har studert matkultur og helse på Høgskulen i Volda og har sin eigen matblogg. Ho meiner det skal lite til for å gjere matpakken litt meir spanande.

– Eg brukar ofte grove pitabrød, grove tortillalefser eller potetlumper, som eg tar ulike smørostar på. Fyll med det pålegget du likar best, salat og grønnsaker, seier Korsnes.

Fryst vannflaske som kjøleelement

Ho viser fram eit innbydande pitabrød i sterke fargar. Der har ho brukt fiskekakerestar frå dagen før, dressing og salat. Mange hevdar at dei ikkje har tid til å lage slike matpakkar, men Korsnes trur dei tar feil.

– I går kveld brukte eg fem minutt på å tilberede dette her. Det er snakk om prioritering, seier matbloggaren. Ho er tilhengar av å bruke middagsrestar i matpakken. Pannekakene frå dagen før kan fyllast med diverse salatar og pålegg. Potetene kan vere fint å fylle i lefser saman med til dømes spekeskinke.

For at matpakken skal halde seg frisk heilt fram til lunsj, brukar Korsnes å fryse vassflaska si. Når ho drar på jobb eller skule legg ho matboksa saman med den iskalde flaska. Det finst også matbokser med kjøleelement.

LES OGSÅ:

Tips til matpakken

Omelettmuffins er ein av favorittane til Mari-Lene.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK