Hopp til innhold

– Med tårer i augene spør dei kva dei skal gjere

SYKKYLVEN (NRK.no): Dei gamle som brukar Dagsenteret i Sykkylven fortvilar over at tilbodet forsvinn. Vedtaket om å leggje ned senteret er endeleg.

Dei eldre som som brukar dagsenteret i Sykkylven tar det tungt at tilbodet forsvinn.
Vedtaket i kommunestyret er endeleg.

Framleis er det stor aktivitet ved Dagsenteret. Men vedtaket om å leggje det ned er endeleg.

Dagsenteret ligg på Haugneset i Sykkylven. Der får mange gamle eit aktivitetstilbod. Også andre med ulike fysiske, psykiske og sosiale funksjonsnivå kan kome til senteret for å vere med på ulike aktivitetar og for å treffe andre.

Jenny Langhaug

Jenny Langhaug kunne tenkje seg å få sagt frå til Siv Jensen at Dagsenteret treng meir pengar.

Foto: Brede Røsjø / NRK
Anita Strømme

Anita Strømme er leiar ved Dagsenteret. Ho fortel om fortvilte brukarar.

Foto: Brede Røsjø / NRK
Jenny Tusvik

Jenny Tusvik meiner kommunen heller burde ha spart pengane andre stader.

Foto: Brede Røsjø / NRK
Petter Lyshol

Petter Lyshol er ordførar i Sykkylven.

Foto: Brede Røsjø / NRK

Vedtaket er endeleg

Men no er det slutt. Kommunestyret har vedteke å leggje ned senteret.

– For meg betyr det nesten alt å kunne kome hit. Eg er veldig mykje åleine, sjølv om eg har godt selskap i hunden min, seier Johanne Langhaug til NRK.

– Veit ikkje kva eg skal svare

På Dagsenteret er det også kafe. Men den har vore stengd lenge. Men i lokala er det stor aktivitet av ymse slag. Etter ferien tek desse aktivitetane slutt.

– Dei står her med tårene i augene og spør kva dei skal gjere no. Og eg står der og veit nesten ikkje kva eg skal svare, seier leiar Anita Strømme.

– Spar på andre ting

Det er under arbeidet med å få eit budsjett i balanse at aktivitetane ved Dagsenteret er strokne. Her skal det sparast 4,5 millionar kroner i året. Og ei og ei halv stilling ved Dagsenteret skal vekk.

Dei kunne vel spare på noko som var meir unyttig. I det lange løpet hadde dét vore betre, seier Jenny Tusvik.

Ikkje lovpålagd teneste

Men i kommunen tenkjer dei annleis. Der går skiljet ikkje først og fremt mellom nyttig og unyttig, men mellom kva som er lovpålagt og ikkje lovpålagt.

Dagsenteret er ikkje ei lovpålagd teneste. Det ville gå ut over dei lovpålagde tenestene om vi skulle oppretthalde drifta ved Dagsenteret, seier ordførar Petter Lyshol til NRK.

– Må snu på Siv Jensen

Bebuarane understrekar at aktivitetane ved Dagsenteret er helsebringande og dei vil kjempe for tilbodet sitt.

– Eg trur eg må reise til Oslo og snu opp ned på finansminister Siv Jensen, slik at vi får meir pengar til drifta, seier Johanne Langhaug til NRK.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL