Hopp til innhold

Robek-kommune kuttar i tilbod til dei svakaste

Dei svakaste får svi når Gjemnes kommune må gjere tøffe kutt i økonomien.

Video Kutt Gjemnes

Kutt i Gjemnes kommune

JULELYS: Midt i juleførebuingane kom dårleg nytt for dei som jobbar på Lysfabrikken.

Foto: Eirik Haukenes / NRK
Kutt i Gjemnes kommune

STØYPER LYS: Edgard og dei sju andre ved Lysfabrikken støyper lys i mange variantar.

Foto: Eirik Haukenes / NRK
Edgard Dyrli

FORTVILA: Edgard Dyrli veit ikkje kva han skulle gjort utan Lysfabrikken.

Foto: Eirik Haukenes / NRK
Nils Martin Sæther

MÅ HA BALANSE: Rådmann Nils Martin Sæther i Gjemnes kommune må kutte for å få balanse i budsjettet.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

I 16 år har Edgard Dyrli gått på jobb ved Lysfabrikken i Batnfjorden. Der har han laga stearinlysa som gir deg den rette atmosfæren og lysa som gir deg den gode julestemninga.

Men no kan det bli slutt for han og dei sju andre på arbeids- og aktivitetssenteret i Batnfjorden. For midt i juleførebuinga, kjem det dårlig nytt. Kommunen må spare pengar.

– Det blir nedlegging her, og så skal to barnehagar leggjast ned, fortel Edgard Dyrli.

– Kva synst du om det?

– Det er dårleg gjort.

LES ÒG:

– Har ikkje noko val

Forslaget frå rådmann går ut på å leggja ned Lysfabrikken, to barnehagar og eit dagsenter for eldre.

– Det er uheldig. Men no har me ikkje noko val, i forhold til det pålegget frå formannskapet, som er å leggja fram eit budsjett i balanse, fortel rådmann Nils Martin Sæther.

Innbyggarane reagerer på at alle på kuttlista har noko til felles. Dei høyrer til dei svake gruppene i samfunnet.

Leiter med lys og lykter

– Kommunen har ein økonomi som gjer at me er nøydd til å sjå på alle tenestetilbod som ikkje er lovpålagde, seier rådmann Sæther.

Gjemnes kommune har i fleire år brukt meir enn dei fekk inn. I morgon skal formannskapet ta stilling til korleis Robek-kommunen skal komme i balanse. Før jul veit Edgard om det er han som må ta støyten for dårleg kommuneøkonomi.

– Kva skulle du gjort viss du ikkje hadde Lysfabrikken?

Då hadde eg ikkje gjort noko. Eg hadde ikkje gjort noko i det heile teke

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL