Hopp til innhold

Kjempar for Lysfabrikken

Kampen om Lysfabrikken i Gjemnes hardnar til. Dei pårørande nektar å godta at kommunen vil legge ned aktivitetssenteret for å spare pengar.

John Terje Ranheim og Tanja Anita Øren

BASE: Tanja Anita Øren og John Terje Rahnheim er kollegaer og kjærastar. Dei har ei fast base på Lysfabrikken.

Foto: NRK

Lysfabrikken

KVARDAG: Det er arbeidskvardag, og god stemning på Lysfabrikken, men dei tilsette blir urolege når nedleggingsspørsmålet kjem opp.

Foto: Eirik Haukenes / NRK
Synnøve Raheim

SYSTER: Jorun Solveig Ranheim nektar å godta at broren mistar tilbodet sitt.

Foto: Eirik Haukenes / NRK
Brev om Lysfabrikken

PERSONLEG: Alle formannskapspolitikarane i kommunen har fått personleg fått overlevert brevet frå dei pårørande ved Lysfabrikken.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Robek-kommunen Gjemnes må spare pengar. I forslaget til budsjett frå rådmannen vil kommunen få til dette ved å legge ned Lysfabrikken, to barnehagar og eit dagsenter for eldre. Formannskapet går inn for rådmannen sitt forslag når det gjeld Lysfabrikken.

– Det er trist, seier John Terje Ranheim som har si faste base på lysfabrikken saman med gode kollegaer, mellom dei, kjærasten Tanja Anita Øren.

Les:

Engasjerer seg

Dei pårørande til dei tilsette ved Lysfabrikken finn seg ikkje i at tilbodet blir borte.

– Foreldra til desse er så slitne etter å ha arbeidd for borna sine så lenge at det er lett motstand, seier Jorun Solveig Ranheim som er syster til John Terje Ranheim.

– Først har dei kjempa knallhardt for å få eit tilbod til borna sine, og når kommunen no vil legge ned tilbodet, er det lett for dei å gi opp.

Sjå TV-reportasjen frå Lysfabrikken:

Video Kjempar for Lysfabrikken

Brev til politikarane

Men ho er ei av dei som ikkje gir seg utan kamp. Dei pårørande har samla seg, og skrive brev til politikarane. Alle i formannskapet har fått brevet overlevert personleg, og med klar beskjed.

– Det blir ikkje godtatt at Gjemnes kommune går på svake grupper og legg ned Lysfabrikken. Vi godtar heller ikkje reduksjon av tilbodet, seier Jorun Solveig Ranheim til NRK.

Barnehage Lysfabrikken

SPENNANDE: Barnehageborn frå ein av dei nedleggingstrua barnehagane i Gjemnes besøkte Lysfabrikken i dag.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

I dag hadde Lysfabrikken besøk av borna frå ein av dei nedleggingstrua barnehagane i kommunen. Dei vil alle få vite kva framtid dei har på sjølvaste Luciadagen.

13. desember avgjer kommunestyret i Gjemnes korleis dei skal klare å få budsjettet sitt i balanse.