Byggestart for Røkkes forskingsskip

Prestisjeprosjektet til Kjell Inge Røkke er i ferd med å ta form. Finansmannen har vore tett på bygginga av det som skal bli verdas mest avanserte forskingsskip.

REV forskningsbåt

Skipet REV skal etter planane bli verdas mest avanserte forskingsskip.

Foto: Illustrasjonsfoto VARD

Bygginga av forskingsskipet «REV» er no i gang for fullt i Romania. Der skal skroget byggast før det blir frakta tilbake til Noreg for å bli utrusta ved Vard sitt skipsverft på Sunnmøre. Kjell Inge Røkke har tidlegare sagt at skipet skal vere med å redde livet i havet.

– Det kjem til å sette store spor i forskingsbransjen og vil bety ei ny tid for marin forsking, seier prosjektleiar Georg Gill.

Røkke tett på prosjektet

Severin Ulstein

Severin Ulstein, prosjektleiar ved Vard design, seier Kjell Inge Røkke har vore involvert i heile prosessen.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Forskingsskipet REV blir 181 meter langt og skal ha utstyr til å gjennomføre målingar både i atmosfæren og ned til 6.000 meters djup. Det skal også kunne suge opp og brenne plastsøppel som det kjem over på sjøen.

Kjell Inge Røkke betaler ein ukjend sum for skipet som han skal bygge og drifte i samarbeid med WFF. Finansmannen har også vore svært involvert i utviklinga av skipet, som blir designa saman med skipsverftskonsernet Vard i Ålesund.

– Han har vore tett på prosjektet heile vegen og tatt kontakt kvar dag til tider, både kvardag og helg. Eg skjøner godt at han vil vere involvert, dette skipet er på ein måte livsverket hans, fortel Severin Ulstein, prosjektleiar ved Vard design.

I Ålesund jobbar designarane stadig med utbetringar. Forskingsskipet skal etter planen stå ferdig sommaren 2020.

Nokre er kritiske

Kjell Inge Røkke

Kjell Inge Røkke betalar ein ukjend sum for forskingsskipet REV.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Skipet vil få luksusfasilitetar, høg kvalitet på lugarane og eit mannskap på 30, samt plass til inntil 60 personar. REV skal i hovudsak nyttast til forsking, men skipet vil også bli leigd ut som ein luksusyacht ein tredjedel av tida.

Men det er ikkje alle som er like positive til prosjektet. Kritiske røyster stiller spørsmål ved Røkke sitt prosjekt og om det er hensiktsmessig å kombinere eit forskingsfartøy med luksuscruise.

Nina Jensen gjekk frå jobb i WWF til å bli sjef på det avanserte forskingsfartøyet. Ho vektlegg at det er nødvendig å leige ut skipet for å kunne dekke delar av driftskostnadane.

– Dette skal vere ein gratis plattform for forskarar frå heile verda og det er dyrt å drifte eit slik skip. Vi håper også at dei vi leiger ut skipet til vil bli engasjert i det vi held på med og at det kan utløyse givarglede.

Trygg på at forskinga blir uavhengig

Nina Jensen

Nina Jensen er trygg på at forskinga som skjer om bord vil vere uavhengig.

Foto: WWF-Norge/Fredrik Myhre

Røkke vil stå for drift og finansiering av skipet, men ein uavhengig forskingskomite skal bestemme kva forskarar som skal inviterast.

– Vi stiller skipet til disposisjon for forskarar frå heile verda. Det er dei beste prosjekta som blir plukka ut.

Jensen er trygg på at forskinga vil vere uavhengig og seier at skipet ikkje skal driftast ut ifrå Røkke sine private interesser. .

– Forskarane får eigarskap til forskingsresultata sine. Uavhengig forsking er viktig for at resultata skal vere truverdige.

Illustrasjonsfoto REV, Vard.

FOTO: Illustrasjonsvideo REV, Rosellinis Four-10.