Hopp til innhold

Blir friskare utan medisinar

Fleire har ikkje nytte av medisinar for sine psykiske lidingar. Over heile landet arbeider helseføretaka no med å tilby behandling utan tablettar. Det har vore redninga for fleire.

Medikamentfri behandling DPS Vegsund - på Standalseidet

FJELLTUR: Senteret i Vegsundet utanfor Ålesund har tilbydd medisinfri behandling sidan 3. oktober 2016. Fleire medisinfrie aktivitetar står på timeplanen for pasientane og blant dei er turar i skog og mark. Dette bilete er frå ein fjelltur dei var på i vår til Standalseidet med Sætretindane i bakgrunnen.

Foto: Privat

Turområdet ligg tett på det distriktspsykiatriske senteret i Vegsundet i Ålesund. Hit kjem menneske som slit med angst, depresjonar eller andre psykiske lidingar. Sidan i fjor har fleire blitt møtt med eit behandlingsopplegg utan medisinar. Her er pillene bytta ut med turar, musikk og samtalar.

Anja Bjørkavåg

Anja Bjørkavåg er prosjektleiar for det medisinfrie behandlingstilbodet i Vegsund utanfor Ålesund.

Foto: Ragnhild Vartdal / NRK

Sidan 2016 har helseregionane vore pålagde å tilby behandling utan medisinar til folk med psykiske lidingar.

– Vi legg vekt på å behandle heile menneske, seier prosjektleiar Anja Bjørkavåg. Ho har sett pasientar som meistrar langt meir av livet sitt enn dei gjorde då dei kom.

Også fleire pasientar NRK har snakka med, stadfestar at meistring og heilskapsfokus har gitt dei ein ny kvardag. For dei har behandling fri for medisinar vore redninga.

– Vi set søkelys på kjenslene – å kjenne at du kan meistre å vere sårbar og at du kan meistre noko du opplever å ikkje ha greidd før.

Anja Bjørkavåg, prosjektleiar

Lang kamp for ny behandling

Etter å ha kjempa i fleire år for medisinfrie behandlingstilbod for denne pasientgruppa, fekk brukarorganisasjonane gjennomslag i 2015. Då kravde helseministeren at alle helseføretaka i landet skulle ha slike tilbod. Målet har heile tida vore å få ned bruken av tvangsmedisinering.

Kristian Kise Haugland

Kristian Kise Haugland, landsleiar i Mental Helse Norge.

Foto: Mental Helse Norge

– Vi er fornøgde med at vi har fått gjennomslag for ein annleis tankegang, seier Kristian Kise Haugland, landsleiar i Mental Helse.

Han kunne likevel tenkt seg at fleire av føretaka retta innsatsen inn mot psykosar, framfor andre psykiske lidingar.

– Vi ser at det er her skoen trykker. Dette er pasientar som har stor nytte av ein slik type behandling, og der bruken av tvangsmedisinering er høg, seier han.

Les også:

Fokus på tida etter utskriving

Ved senteret i Vegsund er fokuset pasientar med langvarig angst og depresjonslidingar av alvorleg grad.

Åshild Stave

Åshild Stave, psykologspesialist ved distriktspsykiatrisk senter i Vegsund utanfor Ålesund.

Foto: Ragnhild Vartdal / NRK

– Også denne gruppa får medisinar utan at det nødvendigvis har ein effekt, seier psykologspesialist Åshild Stave.

Den intensive behandlinga varer i åtte veker og inneheld mellom anna musikkterapi, trening på kroppsbevisstheit og friluftsliv.

– Eg er heilt overtydd om at folk kjem ut av dette på andre sida og har det veldig mykje betre, meiner brukarrepresentant Eva-Brit Langva.

Så langt har responsen vore så god at senteret har dobla kapasiteten frå 3 til 6 pasientar. Bjørkavåg understrekar at ein vesentleg del av behandlinga tar til når pasienten blir utskriven. Den tida er ofte mest kritisk. Greier dei seg når dei er tilbake i kvardagen?

– Det er ikkje slik at du går frå A-Å i løpet av dei 8 vekene, men du byrjar på ein veg. Enkelte har komme seg i jobb og fortel at dei er i gang med noko som har vore viktig for tilfrisking.

Anja Bjørkavåg, prosjektleiar ved DPS Vegsund
bent høie

Helseminister Bent Høie (H).

Foto: Hans Kristian Thorbjørnsen / Høyre

– For oss er det difor viktig med eit tett samarbeid med pårørande og kommunane, for at til dømes NAV og spesialisthelsetenesta skal følge opp arbeidet vi gjer, seier Bjørkavåg.

Også helseministeren har merka seg at tilboda landet rundt har hatt ein positiv effekt.

– Så lenge eg er helseminister er eg tydleg på at dette skal vere eit tilbod i helsetenesta, seier Bent Høie (H) til NRK.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL