Hopp til innhold

Erkjente ikkje straffskuld

Den ukrainske bussjåføren som er tiltalt for uforsiktig køyring og aktlaust drap etter bussulykka i Valldal i slutten av juli, erkjente ikkje straffskuld då rettssaka mot han starta i Sunnmøre tingrett i dag.

Bussulykke Vallda

Ein mann frå Ukraina omkom etter bussulykka i Valldal 30. juli.

Foto: Svein Ove Ekornesvaag, Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Det er sett av totalt fem dagar til rettssaka.

Det var 30. juli i år at ein utanlandsk turistbuss køyrde av vegen og velta på fylkesveg 63 i Valldal på Sunnmøre. Det var totalt 43 personar i bussen då den køyrde av vegen. Fleire blei skadd, 14 personar måtte på sjukehus og ein mann frå Ukraina døde som følgje av ulykka.

Bussen hadde ein samanstøyt med ein personbil like før ulykka. Ein person, som er tilsett ved Ålesund politistasjon, var fører av personbilen. Vedkomande var ikkje i teneste då dødsulykka skjedde.

Den 48 år gamle ukrainske sjåføren som køyrde ulykkesbussen blei arrestert 2. august og seinare sikta for uforsiktig køyring og aktlaust drap. Han har vore varetektsfengsla sidan då. Bussjåføren har heile tida nekta straffskuld.

Tok ut tiltale før rapporten var klar

Tiltalen blei tatt ut før Statens havarikommisjon for transport har gjort ferdig sine undersøkingar i saka. I sin foreløpige rapport skriv dei at ulukka skjedde som følgje av at turistbussen og personbilen hadde ein samanstøyt då dei passerte kvarandre. Bussjåføren mista så kontrollen og køyrde utanfor vegen der bussen velta og blei liggande på taket.

Statens Havarikommisjon meiner at samanstøyten med personbilen kan ha ført til at bussen blei svært vanskeleg å styre, og at den dermed køyrde av vegen.

– Forundersøkingar har påvist at styresnekken blei skadd i samanstøyten og at det oppstod ei oljelekkasje, noko som kan ha påverka moglegheita til å styre bussen, skriv dei i rapporten.

Statsadvokatane meiner likevel at dette ikkje påverkar tiltalen om aktlaus køyring mot mannen.

Les alt om saka her.