Hopp til innhold

Ber for indre trasé over Nordfjord

Seks kommunar på indre Sunnmøre går saman med Stryn og Hornindal for å krevje E39-kryssing lengst inne i Nordfjorden.

E39 bru Nordfjorden

Kampen om kvar E39 skal krysse Nordfjorden strammar seg til.

Jan Ove Tryggestad

Jan Ove Tryggestad (SP) er ein av åtte ordførarar som har underskrive brevet til samferdselsministeren.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Me ser at det er eit behov for å styrke det me kallar indre korridor, seier ordførar Jan Ove Tryggestad i Stranda kommune.

Med det meiner han strekninga som går frå Grodås i Hornindal kommune, til Sjøholt i Ørskog kommune.

Trur valet får konsekvensar

– Så veit me at kampen for kvar vegen skal krysse Nordfjorden er knallhard for tida, seier Tryggestad.

Bak brevet til samferdsdepartementet og samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen står kommunane Skodje, Stordal, Ørskog, Stranda, Sykkylven, Norddal, Stryn og Hornindal.

– Eg trur vegvalet vil ha svært store konsekvensar for samhandlinga mellom nord og sør i regionen. Dette alternativet, kombinert med Kvivsvegen som knyter aust og vest, vil gjere at dette alternativet er midt i blinken i dette spørsmålet, seier Tryggestad.

– Presisering av synspunkt

Kommunane som no krev indre trasé har 30.121 innbyggjarar skriv dei i brevet. Dei viser også til at mykje trafikk frå Bergen til Trondheim går om denne regionen i dag.

Tryggestad er klar over at kampen er hard for å avgjere kvar vegen skal gå, og seier det er difor dei no går ut med dette.

– Me vil no synleggjere at me går for ei indre løysing. Det har me uttalt tidlegare i høyringa, så dette er ei presisering, og ei skjerping av frontane, seier Tryggestad.

Siste mobilisering

Utspelet frå dei åtte kommunane kan også oppfattast som ei siste avgjerande mobilisering i striden om trasévalet for ein ferjefri E39.

– Det er det også, og me ser at det skjer på begge sider av dette spørsmålet. Me ser at det er viktig at me her kjenner vår besøkstid, seier Stranda-ordføraren.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL