NRK Meny
Normal

Samferdselsministeren såg på E39

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) lovar snarleg avgjerd om kryssing av Storfjorden.

Det var mange som ville møte samferdselsministeren i dag for å overbevise han om kva som er rett val om kvar e-39 skal gå i framtida. Han lover å ta ei avgjerd om kryssing av Storfjorden før mai...

VIDEO: Samferdselsministeren såg nærare på fjordkryssingar tysdag.

Tysdag var samferdselsministeren saman med folk frå vegvesenet og politikarar frå Mørebenken på synfaring i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane for å sjå på kvar den framtidige E39 skal gå.

På Hareid ferjekai møtte ordførar Anders Riise ministeren saman med ordføraren i Ulstein Jan Berset . Her er det ikkje noko strid om kva alternativ dei to kommunane går inn for når det gjeld kryssing av Storfjorden. Dei vil ha HAFAST alternativet, kryssinf av fjorden frå Hareid til Sula. Begge ordførarene var glade for at den nye samferdselsministeren hadde tatt turen til Sunnmøre for med sjølvsyn å sjå på dei to alternativa som er aktuelle.

Etter Hareid gjekk turen vidare mot Solavågen, og ferja over til Festøya for å sjå på det andre alternativet som er FEFAST, ein kryssar av Storfjorden frå Festøya over til Solavågen.

Delegasjonen fekk tidligare på dagen sjå på dei ulike alternativane for kvar Nordfjorden i Sogn og Fjordane bør kryssast. Dette vil innvirke kvar vegen skal gå igjennom Volda og Ørsta.

Samferdselsministeren lovte at han ville ha klar ei innstilling om den framtidige E39 i løpet av våren.