Hopp til innhold

Avisredaktør trur på færre papirutgåver

– Lesarane av lokalaviser må vere budde på færre papirutgåver i framtida, meiner redaktør i Regionavisa, Hugo Antonsen. – Lokalavisene har framleis gode utsikter, svarar forskar.

Hugo Antonsen med nye Regionavisa

Hugo Antonsen framfor veggen der sidene til det nye magasinet vert sett opp. Avisa skal ut om få dagar, men mange av sidene er framleis blanke.

Foto: Arne Flatin / NRK

I lokala til Regionavisa er dei i innspurten av arbeidet med det nye magasinet.

– Du treng ikkje fotografere alt for nært inn på sidene, seier Antonsen.

På veggen bak han heng innhaldet i den nye utgåva. Mange av sidene er enno blanke, men onsdag før påske skal magasinet vere i hendene på folk.

Antonsen er ein av mange redaktørar som har måtte ta grep i ein tøff marknad med svikt i annonseinntektene. Også opplagstala for avisene i Møre og Romsdal viser nedgang - med få unntak.

Gratisavisa droppa nyleg papirutgåva som tidlegare kom ein gong i veka. No er det nettsida og eit månadleg magasin som gjeld. Redaktøren trur konkurrentane vil følgje etter.

– Det vil ikkje gå lang tid før vi ser at Møre Nytt og Vikebladet/Vestposten er nede i to utgåver i veka, meiner han.

– Papir er liv laga

Sigurd Høst er avisforskar. Han trur lokalaviser på papir er liv laga også i framtida.

Sigurd Høst

Sigurd Høst trur papiravisa framleis har ei solid framtid

Foto: Høgskulen i Volda

– Framtidsutsiktene til dei betalte lokalavisene trur eg er rimeleg gode. Det vil hjelpe dersom støtta vert auka slik Mediemangfaldsutvalet har foreslått.

– Eg meiner papiravisa framleis er det viktigaste produktet for lokalavisene. Amedia har funne ei løysing som kombinerer digitale utgåver med papiravis. Den fungerer godt og har gitt opplagsvekst i 2016. Eg trur likevel det er mogleg å klare seg med mindre ambisiøse nettnyheiter enn denne modellen. Nokre klarer seg også heilt utan nettnyheiter, seier han.

Høst vedgår likevel at det har vore ein reduksjon i talet på papirutgåver dei siste seks-sju åra.

– Ja, det er ein viss tendens til at aviser går ned i frekvens. Denne utviklinga har halde fram dei siste åra, men med ein litt lågare frekvens i 2016 enn i 2015.

Vil vere meir på

I Ulsteinvik meiner Hugo Antonsen at endringane dei no gjer gir dei fordelar i publiseringa.

– Vi må vere meir på no enn før. Med ei avis kvar veke var planleggingsfasen mykje lenger, no er det kortare veg til publisering gjennom nettsida vår.

Antonsen trur det er mogleg å leve godt av annonseinntekter med ei nettavis og eit magasin. Han legg likevel ikkje skjul på at det har vore økonomisk utfordrande å drive gratisavisa.

Hugo Antonsen, blid og fornøgd

Hugo Antonsen trur satsinga deira skal gi resultat i form av betre inntekter og tilsetjing av fleire personar som kan levere innhald til magasin og nettavis.

Foto: Arne Flatin / NRK

– I fjor var nedgangen på annonseinntektene på ti prosent, og med dei marginane vi har hatt så betyr det ganske mykje, i praksis ein million kroner, seier han.

– Vi såg også at denne utviklinga heldt fram no på nyåret. Medan andre aviser har både annonse- og abonnementsinntekter, så hadde ikkje vi noko anna val enn å vurdere strukturen vår.