Hopp til innhold

Lokal-TV dør ut – men i dag startar denne kanalen opp igjen

TV-sjåinga stuper og annonsørane sviktar. Lokal-TV-kanalar over heile landet slit, men det finst lyspunkt.

Fra TV Haugalands direktesending etter FK Haugesund - Kristiansund

Lokal-TV-kanalane med daglege sendingar blir færre og færre. TV Haugaland slo seg konkurs, men etter eit par månader prøvar dei på ny.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

TV Haugaland i Haugesund måtte i oktober gå den tunge vegen til skifteretten og slå seg sjølv konkurs. Men i november vart det klart at dei tidlegare tilsette prøver på ny.

18. desember er kanalen igjen på lufta med daglege sendingar.

– Me har brukt mykje tid dei siste vekene på økonomi, teknologi og nye lokale, seier redaktør Karen Hesseberg.

Karen Hesseberg, redaktør TV Haugaland

Redaktør Karen Hesseberg og TV Haugaland var på lufta igjen 18. desember etter to månaders pause.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

TV Haugaland og TV Vest i Stavanger er på mange måtar kjerringa mot straumen i lokal-TV-bransjen i Noreg. Alle andre lokal-TV-kanalar i landet er anten nedlagde eller har nedskalert drifta.

Dei er dei einaste lokal-TV-kanalane som er dagleg på lufta med nye sendingar.

– Me har fått så mykje støtta frå sjåarane etter konkursen. I tillegg har me inngått nok avtalar med næringslivet til at me er optimistiske, seier Hesseberg.

TV-sjåing stuper

Ein statistikk frå Statistisk sentralbyrå viser at den daglege TV-tittinga har gått dramatisk ned frå 2010. Dette gjeld særleg den yngste halvdelen av befolkninga.

I 2010 såg fire av fem i alderen 25–44 år dagleg på TV. I fjor var talet redusert til ein av fire. For folk i alderen 16–24 år er nedgangen endå større.

Sosiale medium har overteke. Både tida vår og annonsørane.

Les også – Hvis du skal nå ut til den yngre generasjonen, må du bruke den yngre generasjonen

Ingunn Skjellestad Wettre, Frida Robøle Cavanzo og Vårinn Linnea Kvåle

Færre lokal-TV-sjåarar gir færre annonsørar. Færre annonsørar gir færre tilsette. Til slutt er det kroken på døra.

For TV Vest er ikkje dette eit ukjent fenomen. Kanalen har gått konkurs ein gong. Men som i TV Haugaland har dei tilsette overteke konkursbuet. Dagleg leiar Ørjan Hennes er likevel optimist, sjølv om det er tøft å få hjula til å gå rundt.

– Det har alltid vore kjekt å driva med lokal-TV, men det har også vore krevjande. Det blir ikkje lettare, for den største utfordringa er å få nok inntekter, seier Hennes.

Ørjan Hennes, daglig leder TV Vest

Dagleg leier Ørjan Hennes i TV Vest seier det er krevjande, men spennande å driva lokal-TV.

Foto: Hanne Høyland / NRK

Lokal-TV har i stor grad vore reklamefinansiert, og er det framleis.

– Dei lokale bedriftene får framleis verdi for pengane sine når dei annonserer hos oss, men me har veldig mange fleire konkurrentar. Særleg gjeld dette dei store teknologigigantane, seier Hennes.

Betal-TV

Både TV Vest og TV Haugaland ser på nye måtar å tena pengar på. Mellom anna har TV-bingo vorte ei viktig inntektskjelde. Men i framtida må nok sjåarane også belaga seg på å betala for innhaldet

– Me treng 3000 abonnentar for å sikra drifta, seier redaktør Karen Hesseberg i TV Haugaland.

TV Vest og TV Haugaland har saman jobba fram ei abonnementsløysing via Vipps og eigne appar slik at det blir lettare å strøyma.

– Lokal-TV har vore gratis, men det er ikkje gratis arbeid me held på med. Me må også ta betalt for den jobben me gjer og håpar folk ser verdien av det, seier Hennes.

Fleire lokal-TV-stasjonar produserer også innhald for andre aktørar. Dette gir også inntekter.

– Me er også eit produksjonsselskap som tek oppdrag frå andre og lagar innhald som ikkje blir vist på skjermen hos oss. Dette kan til dømes vera produksjon av konsernpresentasjonar og strøyming av konferansar, seier Hennes.