Hopp til innhold

Tidens Krav og Aura Avis skil seg ut

Tidens Krav er den einaste av regionavisene som har auke i nettoopplaget frå 2015 til 2016. Av dei andre avisene som er med i oversikten som blei presentert i føremiddag er Aura Avis ein vinnar.

Tidens Krav

Tidens Krav skil seg frå dei andre regionavisene, med ein liten auke i nettoopplaget.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Det er Mediebedriftenes Landsforening og Landslaget for lokalaviser som har lagt fram tala. Dei opererer med endring både for digitalaviser, papiraviser og totaltal eller nettotal.

Og for nettotala er Tidens Krav den regionavisa som kan vise til auke, frå 11 554 i 2015 til 11 586 i 2016. For Sunnmørsposten har «Netto total» gått ned med vel 600, medan Romsdals Budstikke har ein reduksjon på vel 100.

Relativt små endringar

Det er med andre ord ikkje dei store endringane frå 2015 til 2016, og endringane blir ikkje større når ein ser på tala for aviser som kjem ut færre dagar i veka.

Men Aura Avis kan vise til ein framgang på nesten 70. Bygdebladet har +1 i netto total. I tillegg til Tidens Krav, Aura Avis og Bygdebladet er det berre Møre Nytt, Nordvestnytt og Storfjordnytt som kan vise til ein auke.

For dei andre avisene som er knytte til MBL og LLA viser tala nedgang. Til dømes har Vestlandsnytt ein tilbakegang på omlag 230, Driva tilbake eit par hundre og Nordre minus vel 150.

Kjell og Reidar Opsal

Bygdebladet og Kjell og Reidar Opsal representerer stabilitet, med ei endring på +1.

Foto: Knut Oscar Opsal / Bygdebladet

– Stabile over tid

Sjølv om lokalavisene i landet har opplagstal som har gått ned med 1,5 prosent det siste året, så peiker LLA på at tala har vore stabile over tid.

Generalsekretær Rune Hetland er optimist på vegne av avisene som blir gitt ut i bygder, tettstader og bydelar landet rundt.

Rune Hetland

Generalsekretær Rune Hetland i LLA håpar dei unge held fram med å lese lokalaviser.

Foto: Landslaget for lokalaviser

– Lokalavisene er viktige kjelder til påliteleg informasjon, samtidig som dei er viktige for lokal identitet. Det er utfordrande, men ikkje umuleg å nå dei unge. Vi både håpar og trur at den oppveksande generasjonen ser kor viktig ei fri og uavhengig presse er, og at dei held fram med å lese lokalaviser, seier Hetland.

– At dei fleste lokalavisene har hatt ein god auke i talet på digitale abonnentar, gir optimisme, seier LLAs generalsekretær.