Hopp til innhold

Auka farenivå ved Mannen

Auka rørsler gjer at NVE hevar farenivået for det rasutsette fjellpartiet ved Mannen. Høg sommartemperatur gjer at hastigheita for rørslene er unormalt høg.

Mannen i Romsdalen 200915

Det rasutsette fjellpartiet Mannen blir nøye overvaka av NVE. No er farenivået auka på grunn av unormalt høg hastigheit på rørslene i fjellet.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

NVE heva laurdag ettermiddag farenivået til gult for det rasutsette fjellpartiet i Rauma. Då hadde geologane registrert auka hastigheit i rørslene gjennom natta og i morgontimane.

– Med dei rørslene vi har sett, måtte vi auke farenivået, seier vakthavande geolog i NVE, Lene Kristensen.

Les også:

Unormalt tidlege rørsler

Hittil i 2018 har ein sett ei forskyving på éin meter etter snøsmeltinga i den mest aktive delen av fjellpartiet.

Fjellpartiet reagerer raskt med auka rørsler når det regnar eller ved snøsmelting. Vanlegvis er det på hausten det kjem reaksjon på nedbør, men på grunn av høge temperaturar er fjellpartiet svært sensitivt for regn.

Berre 21 mm med nedbør har kome frå fredag ettermiddag til laurdag morgon, og likevel viser målingar rørsler på fire centimeter i døgnet i den øvre delen av fjellpartiet.

– Tidlegare år er det først i september og oktober at vi har sett så store rørsler. Vi trur det skuldast den varme sommaren. Det har ført til mindre frost i bakken, og dermed kjem vatnet lettare ned til glideplatene, forklarer geolog Kristensen.

Såg det kome

I nedre del av fjellpartiet er rørslene noko mindre, men også der har geologane sett auka rørsler det siste døgnet. Blir farenivået raudt, må bebuarane under Mannen evakuere. Om farenivået blir auka ytterlegare, er heilt opp til kor mykje nedbør som kjem.

Lene Kristensen

Geolog Lene Kristensen seier fjellpartiet ved Mannen er svært ustabilt med tanke på dei store rørslene som har vore tidlegare i år.

Foto: Øyvind Sæbjørnsen / NRK

– Det kjem veldig an på kva vêrsituasjon vi får dei neste dagane. Det er ganske usikre nedbørsmeldingar dei neste døgna, seier Kristensen i NVE, som følgjer nøye med på både rørslene i fjellet og på kor mykje regn som kjem.

Geologane har hatt ein mistanke om at den varme sommaren kunne ha betydning for rørslene i fjellpartiet, og no har dei fått det stadfesta.

– Vi har sett at det har vore fleire varmegrader meir enn det har vore tidlegare år i fjellet, så vi mistenkte at vi fekk ein tidlegare reaksjon på nedbør enn vi har sett før, seier Kristensen.

Direkte frå fjellet Mannen i Romsdal

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL