Hopp til innhold

Ho går frå 33 prosent sjukepleiarstilling til stortingspolitikar

25-åringen er vand med å måtte «shoppe» vakter i helsevesenet for å ha råd til husleige. Når Stortinget i dag blir opna, er ho den yngste politikaren i salen.

Åse Kristin Ask Bakke, andrekandidat for Ap i Møre og Romsdal 2021

Åse Kristin Ask Bakke (25) frå Arbeiderpartiet vil jobbe for å bli kvitt ufrivillig deltid.

Foto: Remi Sagen / NRK

I dag er det høgtideleg opning av det 166. Stortinget.

For Åse Kristin Ask Bakke (Ap) blir arbeidskvardagen i Oslo heilt ny. Ho er vand med å aldri vite kor tid ho skal på jobb og kor mykje lønn ho får. 25-åringen er utdanna sjukepleiar og kjem frå 33,22 prosent stilling i Ålesund kommune.

– Då eg utdanna meg fekk vi beskjed om at det mangla mange tusen sjukepleiarar. Eg var sikker på at eg skulle få full jobb. Det er normalt å ha full stilling, seier Bakke.

Åse Kristin Ask Bakke

Åse Kristin Ask Bakke trudde ho skulle få full jobb som sjukepleiar då ho var ferdig utdanna. I staden har hå gått i vikariat i ulike storleikar.

Foto: privat

Kan ikkje kjøpe bustad

På ei vanleg arbeidsveke i heimesjukepleia kan ho vere oppsett med berre to vakter og resten av dagane står ledige. Det kan ho ikkje leve av, så då startar jobben med å skaffe seg fleire vakter.

– Nokre gongar klarer eg fylle opp heile veka, andre gongar får eg ingen ekstravakter, seier 25-åringen. Det er ikkje uvanleg at ho blir ringt opp på morgonen og må skunde seg jobb. Andre tider må ho avlyse helgeplanar fordi ho har fått vakter.

Deltidsstillinga gjer at ho ikkje kan kjøpe eiga leilegheit. Ho deler bustad med ei anna sjukepleiarvenninne i Ålesund.

– Vi er ein heil generasjon med helsefagarbeidarar og sjukepleiarar som vil etablere oss, men som berre får deltidsstillingar og gjerne vikariat, seier Bakke.

– Deltidskrise

Mette Nord, Fagforbundet

Mette Nord i Fagforbundet seier at svært mange av medlemmane jobbar ufrivillig deltid.

Foto: Roger Myren / NRK

40.000 medlemar i Fagforbundet seier i ei undersøking at dei ynskjer full stilling.

– Vi meiner det er ei deltidskrise, seier Mette Nord, leiar i Fagforbundet. Ho meiner den nye regjeringa må styrke kommuneøkonomien slik at helsevesenet har råd til å bemanne opp. I tillegg trengst det ei lovendring for å gi arbeidstakaren rett på heiltidsstilling, meiner ho.

Berre 40 prosent av dei tilsette i pleie og omsorg i kommunane jobba fullt ved utgangen av 2020, viser tal frå KS.

Mange vil jobbe deltid

Fafo-forsker Leif Moland

Fafo-forskar Leif Moland seier at kvaliteten på helsetenesta vert betre med fleire som jobbar full tid.

Foto: Siv Sandvik / NRK

– Det er vanskeleg å få turnusen til å gå opp i helsevesenet, seier forskar Leif Moland. Og 2/3 av deltidstilsette ynskjer ikkje full stilling, viser forsking.

– Dei fleste seier dei vil ha meir fritid, medan andre seier at det er for tøft å jobbe fullt, seier Moland. Han meiner at dei som frivillig jobbar deltid blokkerer for dei som vil ha full stilling. Dersom ein sjukepleiar berre ynskjer å jobbe 80 prosent blir 20 prosent av stillinga til overs.

For å få fleire heiltidsstillingar trur han det er viktig å finne løysingar som ikkje kostar altfor mykje. Det blir mange ekstra årsverk dersom ein skal ha store stillingar med vakt berre kvar tredje helg. Han trur løysinga dermed ligg i litt hyppigare helg og langvakter.

Dårleg samvit

For politikar Åse Kristin Ask Bakke er den aller viktigaste saka å få slutt på ufrivillig deltid. Den nye regjeringa har sagt at dei vil gjere det vanskelegare for arbeidsgivarar å tilby deltid framfor heiltid når ei ny stilling blir utlyst.

Bakke meiner også at kommunane må få betre økonomi, slik at ein har råd til å betre bemanninga i helsevesenet.

– Det er eit tempo i helsevesenet som ikkje er sunt. Mange går heim med dårleg samvit for pasientane, seier Bakke. Sjølv vil ho ta litt ekstravakter i Ålesund innimellom politikarjobben for å ikkje miste kontakten med helsevesenet.

Åse Kristin Ask Bakke

Når Åse Kristin Ask Bakke har fri brukar ho å dra på båttur.

Foto: privat

LES OGSÅ: