Hopp til innhold

Kvinnerekord på Stortinget – Åse Kristin (25) blir den yngste

Stortinget set rekordar. Kvinnedelen er høgare enn nokon gong, og gjennomsnittsalderen lågare enn nokon gong. Men eitt parti drar opp snittet.

Åse Kristin Ask Bakke, andrekandidat for Ap i Møre og Romsdal 2021

Åse Kristin Ask Bakke blir den yngste på Stortinget. Ho bidrar også til å setja kvinnerekord.

Foto: Remi Sagen / NRK

MERKNAD: Saka er oppdatert etter endringar i utjamningsmandata tysdag kveld.

Valet er unnagjort og snart skal Stortinget godkjenna valresultatet, velja presidentskap og fordela representantane på fagkomiteane.

11. oktober står kongen for den høgtidelege opninga av det nye Stortinget.

NRK har gjort ein manuell gjennomgang av representantane som er valde inn på Stortinget for den komande perioden. Det ligg an til at det blir sett fleire rekordar.

Her er det nye Stortinget.

Kvinnerekord

Det ligg an til å bli ein ny kvinnerekord på Stortinget. I 2017 blei det valt inn 69 kvinner på Stortinget. No har dette talet stige til 77. Det vil seia at 45,6 prosent av dei 169 representantane på Stortinget er kvinner.

Som det største partiet har Arbeidarpartiet også flest kvinnelege representantar. Dei 23 kvinnene utgjer nær 48 prosent av stortingsgruppa på 48 representantar.

Hjå Høgre ligg det an til at 18 av dei 36 representantane blir kvinner (50 prosent). Senterpartiet får 15 kvinnelege representantar av totalt 28 (53,57 prosent),

Fire av Raudt sine åtte representantar er kvinner, åtte av SVs 13 er også kvinner og hjå MDG er to av tre kvinner. Dermed ligg alle desse partia an til å få ein kvinnedel på over 60 prosent i sine stortingsgrupper.

Det må også nemnast at Pasientfokus i Finnmark kan skilta med 100 prosent kvinnedel med sin eigen stortingsplass ved Irene Ojala.

På den andre sida av skalaen hamnar KrF og Venstre. Førstnemnde hamna under sperregrensa og får berre tre mandat. Olaug Bollestad blir einaste kvinne blant desse tre, medan Venstre får ein kvinnedel på 25 prosent då to av åtte representantar er kvinner.

Olaug Bollestad på KrFs valgvake

Olaug Bollestad på KrFs valvake.

Foto: Truls Antonsen / NRK

Heilt i botn hamnar Frp. Berre to av partiet sine 21 mandat går til kvinner – til partileiar Sylvi Listhaug og Silje Hjemdal. Det tilseier ein kvinnedel på 9,5 prosent, som er langt under snittet.

– Det viktigaste er at dei 21 er dyktige og skal gjera ein god jobb for Stortinget, men det er klart at vi gjerne skulle hatt fleire kvinner blant dei 21 representantane, seier Hans Andreas Limi, 1.-kandidat for Akershus Frp og som skal byrja på sin tredje periode på Stortinget.

Lågaste gjennomsnittsalder nokon gong

Ifølgje oversikta til NRK er gjennomsnittsalderen på det nye Stortinget 45,7 år. Om dette talet blir ståande, er det, ifølgje Stortinget si eiga oversikt, den lågaste gjennomsnittsalderen blant representantane nokosinne.

Snittalderen ved dei fire siste vala har vore i overkant av 46 år, medan den gamle «rekorden» er frå 1993 då snittalderen på representantane var på 45,8 år.

Jonas Gahr Støre på vei hjem til sin bolig i Oslo etter en lang valgkamp.
Foto: Javad Parsa / NTB

25 år gamle Åse Kristin Ask Bakke (Ap) blir den yngste representanten på Stortinget dei fire neste åra ifølgje oversikta til NRK.

Ho er fødd 30. mai 1996, og er dermed 19 dagar yngre enn Tobias Drevland Lund frå Raudt, som er fødd 11. mai 1996.

Drevland Lund blei vald inn som førstekandidat frå Telemark. Ask Bakke er vald inn som andrekandidat frå Møre og Romsdal.

– Eg synest det er kjekt å få den tilliten med å kunna representera Møre og Romsdal og Arbeidarpartiet på Stortinget. Og så er det kjekt å sjå at det er så mange unge som kjem inn på Stortinget. Det er viktig at Stortinget representerer befolkninga på geografi og kjønn, men òg på alder, seier Åse Kristin Ask Bakke.

Arbeiderpartiet på valvake i Ålesund, Åse Kristin Ask Bakke

Åse Kristin Ask Bakke på valvake i Ålesund.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Og sjølv om Raudt ikkje får den yngste Stortingsrepresentanten, kan dei, om dei så ynskjer det, skryta av å ha den desidert yngste stortingsgruppa.

Oktetten Bjørnar Moxnes (39), Marie Sneve Martinussen (35), Seher Aydar (32), Tobias Dreveland Lund (25), Mímir Kristjánsson (35), Sofie Marhaug (31), Hege Bae Nyholt (43) og Geir-Asbjørn Jørgensen (48) har ein gjennomsnittsalder på 36 år og blir med det ei av dei yngste stortingsgruppene i Stortingets historie.

– Vi har nok mange unge menneske fordi vi er utolmodige og vil skapa eit vendepunkt. Vi er den første generasjonen på hundre år som kan ha det meir utrygt enn foreldra våre. Det gjer at fleire unge ynskjer å skapa vendepunktet raskare, seier Seher Aydar (R).

NRKVALG Rødts leder Bjørnar Moxnes går opp til Stortinget sammen med 2. kandidat i Oslo, Seher Aydar, og nestleder i Rødt, Marie Sneve Martinussen. Valgvaker i Oslo på valgdagen 13. september 2021. Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Raudt-leiar Bjørnar Moxnes saman med Seher Aydar og nestleiar i Raudt, Marie Sneve Martinussen under valvaken i Oslo.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Drar opp snittalderen

Den eldste konstellasjonen finn ein hjå Framstegspartiet med ein gjennomsnittsalder på 47,5 år. Senterpartiet følgjer like bak med ein snittalder på 47,3 år.

– Hovudgrunnen er nok at veldig mange av representantane våre tok attval. Det vil seia at det fleire av dei som no har blitt valde inn som har sete på Stortinget i fleire periodar tidlegare. I andre parti har det kanskje vore større grad av utskifting denne gongen. Det vil jo variera frå val til val, seier Hans Andreas Limi (Frp).

Carl I Hagen på valgvake i Oppland.

Carl I. Hagen på Frps valvake i Oppland.

Foto: Vibecke Wold Haagensen / NRK

Carl I. Hagen, som er vald inn frå Frp i Oppland, er med sine 77 år klart eldst i den komande stortingsperioden. Han er ni år eldre enn Senterpartiets Per Olaf Lundteigen (68). På tredjeplass hamnar Rasmus Hansson (66) frå MDG.

Dei neste fire åra får vi også for første gong ti parti på Stortinget. Irene Ojalas liste, Pasientfokus, fekk 4908 stemmer i Finnmark. Det var nok til å sikra eit direktemandat i landets nordlegaste valdistrikt. Partiet har berre ei sak på programmet – nytt sjukehus i Alta.

Unn-Hariet Vekve (t.v.) og Irene Ojala i Pasientfokus på valgvaken på Barila i Alta.

Irene Ojalas liste Pasientfokus sikra direktemandat.

Foto: Gyda Katrine Hesla / NRK

I 2017 blei det valt inn representantar frå ni parti, der to grupper berre hadde ein representant (MDG og Raudt). Det var også rekord.

Fleire med minoritetsbakgrunn

NTB skriv at elleve minoritetsrepresentantar er valde inn på Stortinget. Det er ei dobling frå førre stortingsperiode då det var fem. Seks parti sender representantar med etnisk minoritetsbakgrunn til Stortinget etter årets val.

Frå Raudt kjem Seher Aydar inn frå Oslo, medan SV får inn Marian Hussein frå same fylke. Ho blir første på Stortinget med hijab.

Marian Abdi Hussein

Marian Hussein blir første stortingsrepresentant med hijab.

Foto: Anders Fehn / NRK

Arbeidarpartiets Hadia Tajik og Masud Gharahkhani blir attvalde, og får selskap av tidlegare AUF-leiar Mani Hussaini i Akershus og Oslo-varaordførar Kamzy Gunaratnam. I tillegg kjem Lan Marie Berg inn for MDG.

På borgarleg side blir Abid Raja attvald for Venstre. Det same blir Mudassar Kapur frå Høgre og Himanshu Gulati frå Framstegspartiet. I tillegg kjem Mahmoud Faramand inn for Høgre frå Telemark.

AKTUELT NÅ