Hopp til innhold

Fleire i heiltid under Erna enn Jens: Kersti venta på full jobb i nesten 10 år

Auken i talet på heiltidsjobbar i kommunesektoren har vore større under Erna Solberg enn under Jens Stoltenberg. Kersti Taigla hadde fire ulike stillingsbrøkar i heimetenesta før ho fekk full stilling.

Kersti Taigla jobba nesten 10 år i heimetenesta før ho fekk fast jobb. Helsefagarbeider.

LANG VENTETID: Det skulle gå ni år i ulike deltidsstillingar før Kersti Taigla fekk full stilling

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Eg har alltid ønska å jobbe 100 prosent. Det har vore eit mål for meg.

Kvifor er det så mange tilsette som må jobbe ufrivillig deltid? Det har vore eit sentralt tema i ulike valkampar dei siste 30 åra.

Helsefagarbeidar og småbarnsmor Kersti Taigla frå Naustdal i Sunnfjord har vore blant desse.

Dei siste ni åra har ho jobba i fire ulike deltidsstillingar, før ho i sommar for første gong fekk full jobb.

Ho var først tilkallingsvakt, så har ho i ulike periodar jobba 85 prosent, 72 prosent og 87 prosent – før ho no har fått 100 prosent.

For å få ei god nok løn måtte Kersti ta ekstravakter, som igjen førte til at ho ofte ikkje visste kva helger ho fekk fri.

– Eg synest det har vore vanskeleg å seie nei til vakter. Men så får du samstundes dårleg samvit overfor familien. Dersom du jobbar alle helger, då er du ikkje med på det som skjer heime.

Kersti Taigla i heimetensten i Sunnfjord kommune

MANGE JOBBHELGER: Som deltidsarbeidar måtte Kersti Taigla ta mange ekstravakter i helgane. Noko som gjorde at det var vanskeleg å planlegge fritida saman med familien.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Fleire heiltidsjobbar under Erna

Sidan 2013 har om lag 8 prosent av lønnstakarane i Noreg vore mellombels tilsett, viser tal frå SSB.

Arbeidarpartiet har stilt seg bak «heiltidskampanjen» til Fagforbundet, der målet er å få fleire i heile stillingar.

Men monitorundersøkinga for kommune- og fylkeskommunane teiknar eit meir utfyllande bilete. Undersøkinga vart lagt fram av KS denne veka. KS er arbeidsgjevarorganisasjonen til norske kommunesektoren.

Tala der viser at andelen av heiltidsstillingar har gått meir opp under Erna Solberg (H) enn Jens Stoltenberg (Ap). Talet er avgrensa til kommunane og fylkeskommunane.

  • I perioden 2005 til 2013, då Stoltenberg var statsminister for den raudgrøne regjeringa, gjekk heiltidsandelen opp frå 47 til 49 prosent. Ein oppgang på to prosentpoeng.
  • I perioden 2013 til 2020, då Solberg var statsminister, gjekk heiltidsandelen opp frå 49 til 56 prosent. Ein oppgang på sju prosentpoeng.

Heile auken under den raudgrøne regjeringa kom i løpet av den første perioden.

I valkampen i 2009 kom Stoltenberg med klare valløfte om fleire heiltidsstillingar. Men i den andre perioden (2009 2013) heldt andelen seg flatt på 49 prosent.

– Bør ikkje sole seg i glansen

Partisekretær i Arbeidarpartiet, Kjersti Stenseng, meiner Høgre ikkje kan ta æra for at fleire no jobbar heiltid.

– Dei store grepa kom under vår regjering, seier ho.

Ho viser mellom anna til den såkalla «meirtidsparagrafen» som vart vedteke i 2013, som betyr at ein arbeidstakar har rett på utvida stilling tilsvarande det han eller ho faktisk jobbar.

– Auken vi ser no har vore trass i regjeringa sitt arbeid – ikkje på grunn av.

Partisekretær i Ap, Kjersti Stenseng

– IKKJE HØGRES FORTENESTE: Partisekretær Kjersti Stenseng forklarar auken i heiltid dei siste åra med politiske grep som vart gjort under den raudgrøne regjeringa.

Foto: Siv Sandvik / NRK

Statsministeren ser annleis på det:

– Det er andre vegar å gå enn å lage lovreglar og system. Men lokalpolitikarar ser at skal du ha god kvalitet i eldreomsorga, då er stabilitet rundt dei eldre viktig. Då er heiltidsstillingar viktig, seier Solberg.

I tillegg trekk ho fram at det har blitt jobba systematisk med å lage meir fleksible turnusordningar – som igjen fører til fleire heiltidsstillingar.

NRKs partilederdebatt på Arendalsuka 2021 - Erna Solberg

FLEIRE PÅ HEILTID: Statsminister Erna Solberg meiner lovendring ikkje treng å vere resepten for å få fleire heiltidsstillingar. Her under partileiardebatten i Arendal.

Foto: Ole Berg-rusten / NTB

Dermed er det temperatur rundt spørsmålet om heiltid også i denne valkampen.

Tysdag omtalte VG Fagforbundets deltidsrapport for 2021, som viser at Arbeidarpartiet og Senterpartiet styrer kommunar som er verst på ufrivillig deltid.

Tidlegare denne veka kom Høgre med krass kritikk av Arbeidarpartiet, etter at Jonas Gahr Støre under ein VGTV-debatt sa at Ap-styrte kommunar ikkje brukar retten til mellombelse tilsetjingar.

– Andre faktorar viktigast

Leif E. Moland er seniorforskar i forskingsstiftinga Fafo.

Han trur ikkje det er bestemte politiske vedtak som er hovudårsaka til auken i heiltidstilsette dei siste åra.

– Det har vore stor merksemd, særskild frå den raude sida, på endringar i Arbeidsmiljølova heilt sidan 1995. Målet har vore å få fleire i heile stillingar, men det har ikkje skjedd.

Men heller ikkje Erna Solberg kan vise til bestemte vedtak dei siste åra som forklarar auken, meiner han.

I staden peikar han på delar av samfunnsutviklinga som gir utslag.

– Det kan ha med utdanningsnivået å gjere, som har auka. Jo høgare utdanning, jo større sannsyn er det for at du vil jobbe heiltid.

Fafo-forsker Leif Moland på kontoret

ANDRE FORKLARINGAR: Seniorforskar Leif E. Moland i Fafo meiner høgre utdanningsnivå kanskje er den viktigaste årsaka til at fleire får heile stillingar.

Foto: Siv Sandvik / NRK