Hopp til innhold

Alt klart for draumepåske – men snøskredfaren er ikkje over

Godt ver betyr ikkje at det blir trygt å ferdast i fjellet, seier snøskredvarslinga. Dei ber folk om å sjekke varselet fortløpande i påska.

Røde Kors

SNØSKRED: Redningsarbeidarar frå Røde Kors øver seg på å grave ut folk på Finse under eit kurs i vinter.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

– Folk må følge med, spesielt om vêret endrar seg. Vi oppmodar alle som skal på skitur eller scootertur om å sjekke varsom.no og setje seg inn i snøskredproblema. Ein må spørje seg kva som er grunnen til snøskredfaren her og no, seier vaktleiar i snøskredvarslinga, Solveig Kosberg.

Vaktleder for snøskredvarslinga i NVE, Solveig Kosberg

Solveig Kosberg i snøskredvarslinga.

Foto: Roar Strøm / NRK

I store delar av Sør-Norge er det nokså hardt no og dermed liten snøskredfare.

– Langtidsvarselet for vêret er roleg i Sør-Norge, medan det kjem inn meir nedbør i Nord-Norge. Så det vil variere kor du er i landet, seier Kosberg.

Snøskredvarsel

I det grøne område er det no liten snøskredfare. I dei gule områda er det moderat fare.

Foto: Skjermdump frå varsom.no

Svake lag i snøen

Snøskredvarslinga lagar berre varsel for to dagar fram i tid og kan derfor ikkje seie noko sikkert no om kor stor faren blir i påska.

Uansett kan mykje tyde på at snøskredfaren blir større i nord enn i sør.

– Faregraden ligg på moderat nivå i størstedelen av Nord-Norge og i Jotunheimen. Der er forholda kompliserte, sjølv om snøskredfaren er låg, grunna vedvarande svake lag i snøen som brått kan løyse ut store skred, forklarer Solveig Kosberg.

Moderat nivå vil seie det andre av fem farenivå for snøskred.

Ein tommelfingerregel er at du må sjekke snøskredvarslinga så lenge det ligg snø på bakken.

Hvert år omkommer mennesker etter å ha blitt tatt av snøskred i Norge. Om man skal ha sjanse til å overleve, er kameratredning det aller viktigste å kunne.

Kvart år dør menneske etter å ha blitt tatt av snøskred i Norge. Om ein skal ha ei moglegheit til å overleve, er det viktig å kunne kameratredning.

Ein dramatisk vinter

Skred i Geiranger

Det gjekk mange snøskred i Geiranger på Sunnmøre i vinter.

Foto: Mari Lattik

Så langt i år har 11 personar mista livet i Norge etter snøskred, det høgaste talet på åtte år. Av dei mista fire livet i Tamokdalen i Troms. Seinast tysdag mista ein person livet etter eit skred i Lyngen.

Dessutan har det gått ei rekkje skred har vore dramatiske, men ikkje tatt liv, som i Geiranger på Sunnmøre.

Og sjølv om snøskredfaren statistisk sett skal bli mindre utover våren finst det ingen garantiar for at dramaet er over for i år.

Kan blir fantastisk påske

Det er derimot mykje som tyder på at det blir ei veldig fin påske vêrmessig for dei som er glade i å gå på tur.

– Det kan bli ei draumepåske. Vêrvarselet er ganske sikkert fram til skjærtorsdag, seier meteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Geir Ottar Fagerlid

Meteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Foto: Anders Ekanger / NRK

Han varslar stigande temperaturar utover i påska. Det kan bli 12–15 gradar på det meste. Dei regionale forskjellane er heller små.

– Det ser ut som det blir ei ideell påske for ski og toppturar. Nattefrosten gjer at det blir fint å gå om morgonane. Så kan det bli meir kram snø utover dagen, seier Geir Ottar Fagerlid.

Så står det igjen å sjå korleis vêret og snøskredfaren blir. Ifølgje meteorolog Geir Ottar Fagerlid er det usikker korleis vêret blir i siste del av påska.

– Men med litt flaks kan vi få fint ver heile påska, melder meteorologen.

Påske

Slik såg det ut på Stranda på Sunnmøre langfredag 2014.

Foto: Halvard Alvik / NTB scanpix