Hopp til innhold

Overlege i Volda: – Det er betre å berre legge ned sjukehuset

I dag la helseminister Bent Høie fram sin nasjonale helse- og sjukehusplan. Volda sjukehus kan miste akuttkirurgifunksjonen. Då er det betre å legge ned heile sjukehuset, meiner overlege Rune Heggedal.

Volda Sjukehus

Regjerinnga meiner at sjukehuset i Volda er for lite til å tilby akuttkirurgi.

Foto: Remi Sagen / NRK

Helseminister Bent Høie (H) la i dag fram den aller første nasjonale planen for helse og sjukehus. Han er klar på at ingen sjukehus skal leggast ned, men seier at dei mindre sjukehusa tvert imot er ein del av løysinga på utfordringa ein står ovanfor med fleire eldre innbyggjarar, som dermed har behov for meir helsehjelp.

For sjukehuset i Volda ser helseministeren for seg to moglege scenario. Det eine er at Volda kan bli akuttsjukehus, men utan døgnvakt med generell kirurgi. Sjukehuset beheld akutt indremedisin, anestesi og planlagt kirurgi.

Det andre scenariet er at sjukehuset i Volda mister alle akuttfunksjonar og at desse går til sjukehuset i Ålesund.

LES OGSÅ:

Fare for sjukehuset

Rune Heggedal

Rune Heggedal er provosert over forslaget om å fjerne akuttkirurgien frå Volda sjukehus.

Foto: Remi Sagen / NRK

Anestesioverlege Rune Heggedal ved Volda sjukehus meiner at dersom akuttkirurgien forsvinn, er det så alvorleg for Volda sjukehus at heile tilbodet står i fare.

– Dette vil svekke Volda sjukehus så raskt at det fører til fare for heile sjukehuset. Slike sjukehus vil vi ikkje ha. Då er det betre å legge ned sjukehuset og at pasientar må reise litt lengre, seier Heggedal.

Han er djupt usamd med Høie, som meiner at lokalsjukehusa på denne måten vert styrka.

– Det er uredelig politikk å late som ein styrkar sjukehusa når ein riv dei ned, seier Heggdal.

Fryktar for liv
Ingeborg Henriksen

Assistentlege Ingeborg Henriksen er uroa for at liv kan gå tapt.

Foto: Frode Berg / NRK

Kollega Ingeborg Henriksen er redd for at liv kjem til å gå tapt dersom akuttkirurgien forsvinn frå sjukehuset.

– I ytterste konsekvens kan det føre til at folk døyr. Vi må sende ustabile pasientar til andre sjukehus, med den risikoen at det ikkje vil gå bra på veg dit, seier Henriksen, som er assistentlege.

Det blir for smått

– For mange sjukehus har i dag akuttilbod og det er vel dokumentert at det blir for smått, seier Høie. Det krev 6-8 generelle kirurgar for å oppretthalde døgnberedskap.

Høie har brukt ein modell frå Sogn og Fjordane som døme på korleis helsetenesta ved dei små lokalsjukehusa kan bli. Der overvakar og rettleiar legespesialistar legar på lokalsjukehusa via ein skjerm.

LES OGSÅ:

Skal opp i Stortinget

Dei andre sjukehusa som står i fare for å miste akuttkirurgien er Harstad, Lofoten, Flekkefjord og Stord sjukehus.

Planen skal opp i Stortinget og Høie understrekar at dersom den blir vedteken der, skal kommunane få seie sitt og at helseregionane skal sette i gang arbeidet for korleis dette skal gjerast.

Les heile Nasjonal helse- og sjukehusplan her