Hopp til innhold

– Vonar vi får ha konfirmasjonen i kyrkja

I dag blei det vaska og rydda etter den påsette brannen i Ørsta kyrkje. Ørsta kyrkje blei sett fyr på laurdag og éin person er teken av politiet.

Benedicte Solvåg Velle

Alt tyder på at ørstingane får klargjort kyrkja til konfirmasjon laurdag. Benedicte Solvåg Velle er konfirmant og er glad for at konfirmasjonen mest truleg blir arrangert i kyrkja.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Tysdag blei mannen som er mistenkt for å ha tenkt på kyrkja varetektsfengsla i fire veker. Grunnlaget for varetektsfengslinga er faren for at han skal gjenta handlinga.

Medan arbeidarar er i ferd med å rydde i kyrkja, går blant andre fleire av årets konfirmantar forbi. Blant dei er Benedicte Solvåg Velle. Ho skal konfirmere seg på laurdag. Ho blei lei seg då ho høyrde at kyrkja var sett i brann. Ho ønskjer så gjerne å konfirmere seg i den vakre Ørsta-kyrkja.

– Eg tykte det var trist då eg høyrde om brannen. Eg håpte det ikkje var nokon stor brann. For eg har lyst til å konfirmere meg i kyrkja, seier ho når NRK møter henne utanfor kyrkja.

Ørsta kyrkje

Brannen blei påsett ved inngangspartiet, like under kyrkjetårnet.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

– Vil gjere kyrkja klar til laurdag

Det var inngangspartiet i kyrkja som vart påtent. Dette ligg rett under kyrkjetårn-området. Brannen førte både røyk og sot inn i sjølve kyrkjerommet. Tysdag var det opprydding og nedvask, under éi veke før den store konfirmasjonshelga i Ørsta.

Bilete blei tysdag tekne ned frå veggane, og alle putene i kyrkjebenkane blei sende til vask. Det kan ta fleire veker å få kyrkja heilt i stand att.

Arne Moltubak

Arne Moltubakk er sokneprest i Ørsta.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Ingjerd Kleiva

Ingjerd Kleiva har kome til Ørsta for å vere med og berge kyrkjekunsten.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK
– No handlar det om å få kyrkja i stand til konfirmasjonen. Kyrkjerommet er viktig for mange. Det rommar heile livet vårt. Vi ønskjer at konfirmasjonen skal gå føre seg her, seier sokneprest Arne Moltubak.

Ekspertar frå Oslo

Ekspertar har kome frå Oslo for å sjå over om kyrkjekunsten har fått skadar etter brannen.

– Vi brukar pensel og støvsugar. Deretter går vi over med spesialsvampar. Vi må fjerne det som ligg av støv og skitt på overflata, seier målerikonservator Ingjerd Kleiva.

– Kunne ha gått verre

Den påsette kyrkjebrannen har vore ei skremmande oppleving for ørstingane. Trøysta er at det kunne ha gått verre.

– Vi blei redda av at folk var på plassen og gjorde dei rette tinga. Dei agerte raskt. Det er store skadar på døra. Det hadde blitt omfattande skadar om elden hadde spreidd seg oppover i tårnet, seier kyrkjeverje Arnstein Myklebust.

No tyder det meste på at ørstingane klarer å få kyrkja klar til konfirmasjonen. Konfirmantane vi møter utanfor kyrkja er ikkje heilt sikre på at det går enno.

Arnstein Myklebust

Kyrkjeverje Arnstein Myklebust.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

– Eg vonar kyrkja blir i orden til konfirmasjonen. Men vi skal ta bilde og øve i bedehuset, så konfirmasjonen blir kanskje der. Men det er veldig bra viss dei klarer å få kyrkja klar til laurdag, seier Benedicte Solvåg Velle.

– Det gjer meg glad

Men mens ho står utanfor kyrkja kjem det oppløftande meldingar. Dei som arbeider inne i kyrkja gjer no alt for at kyrkja skal bli i god nok stand til å ta imot konfirmantar og gjester på laurdag.

– Det ville ikkje vere kjekt om vi måtte ha konfirmasjonen ein annan stad enn i kyrkja. Men no ser det no ut til at det blir konfirmasjon i kyrkja, og det gjer meg glad, seier Benedicte Solvåg Velle til NRK.

Brannskade Ørsta kyrkje

Her ser ein tydeleg kvar brannen var påsett.

Foto: Janne-Marit Myklebust

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL