Hopp til innhold

Tatt hand om av helsevesenet

Mannen i 30-åra som blei pågripen laurdag ettermiddag i samband med brannen i Ørsta kyrkje er tatt hand om av helsevesenet.

Brann i Ørsta kyrkje

Både brannvesen og politi rykte ut då det blei meldt om brann i Ørsta kyrkje i Møre og Romsdal laurdag ettermiddag.

Foto: Janne-Marit Myklebust

Politiet melder at det er røykskadar inne i kyrkja, mellom anna på altertavla og på kyrkjesølvet, etter at mannen er mistenkt for å ha sett fyr på inngangspartiet.

Politiet melde tidlegare laurdag ettermiddag at ein person er pågripen for å ha sett fyr på trekyrkja.

Brannskade Ørsta kyrkje

Slik ser skadane i Ørsta kyrkje ut.

Foto: Janne-Marit Myklebust

Det er ein mann fødd på 80-talet som er tilhøyrarane i Ørsta. Eg har ikkje meir informasjon om tilstanden hans, eller kva som er grunnen til at han har gjort dette, seier operasjonsleiar Sindre Molnes ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Skal ha sett han køyre derifrå

Ifølgje politiet blei mannen observert i det han tende på inngangspartiet, og så reiste derifrå. Fleire seier at mannen skal ha helt tennvæske på, før han fyrte på.

Vitne på staden har sett han tenne på, og peika han i det han køyrde frå området. Han blei så pågripen av politipatruljen som var på veg til kyrkja, seier Molnes.

Vurderer gudsteneste søndag

Arnstein Myklebust

Kyrkjeverje Arnstein Myklebust seier dei førebels ikkje har tatt stilling til om det er råd å ha gudsteneste i Ørsta kyrkje søndag.

Foto: Janne-Marit Myklebust

Kyrkjeverje Arnstein Myklebust var laurdag ettermiddag på plass utanfor kyrkja og karakteriserer det heile som trasig. Myklebust seier dei no vil vurdere om det er råd å ha gudsteneste i den gamle kyrkja søndag, som planlagt.

Det er vanskeleg å seie kva ein skal tenkje, og vanskeleg å seie kva som går for seg når folk finn på slikt, seier han.

Skadar på døra

Ifølgje 110-sentralen er det gjort skadar på inngangspartiet på kyrkja i Ørsta i Møre og Romsdal, men brannen blei sløkt etter kort tid ved hjelp av pulverapparat.

Halve inngangspartiet er ifølgje politiet skadd, men flammane klarte ikkje å ta seg lenger inn i trekyrkja før det blei sløkt.

– Eg har fått forklart at inngangspartiet er brannskadd. Det har tatt fyr i døra, om lag halve døra er brannskadd, seier Molnes.

Brannvesenet og politiet er på staden laurdag ettermiddag.

.

Brann Ørsta kyrkje

Brannen i Ørsta kyrkje blei sløkt etter kort tid, og ein mann i 30-åra er pågripen.

Foto: Roar Eldevik Myklebust